LESERINNLEGG:

Portrettbilde av ei ung dame.
Dordi Boksasp Lerum

Russetid – ikkje rusetid!

Publisert

Russetida for elevar i vidaregåande skule er over for i år. Sjølv om det for mange har vore ei fin tid, er det nok fleire som også har vorte introdusert for ulovlege og farlege rusmiddel. No er det på tide å sei tydeleg nei til narkotika – ein gong for alle!

Det er ikkje meir enn tre år sidan eg sjølv var russ. Sjølv om det var midt under koronapandemien, kunne ein då óg diverre møte på ungdommar som røyka hasj eller nytta andre ulovlege rusmiddel. Sidan den tid opplever eg at narkotika har blitt enno meir normalisert.

I Ungdata-undersøkinga rapporterer ungdom sjølv om ein aukande bruk av kokain. I ei anna stor undersøking gjort av Folkehelseinstituttet i 2021 var det éin av fem elevar i vidaregåande som rapporterte at dei hadde nytta cannabis. For å ikkje snakke om bruken av alkohol som også har auka samla sett dei siste ti åra. Det er urovekkande høge tal – når skal det stoppe?

Narkotika er farleg og øydelegg heile liv, det er også grunnen til at narkotika er og skal vere ulovleg. Likevel har ein dei siste åra sett at populærkulturen og det offentlege ordskiftet har normalisert bruk av ulovlege rusmiddel, anten det er å opne ein cannabiskafè, «naturleg» integrering av rusmiddel som kokain og GHB i songtekstar eller det er ein ungdomspartileiar som tek med seg ein joint på ein ungdomsdebatt. Det har samla ført til ei haldningsendring blant ungdom knytt til farleg narkotika.

Eg meiner at politiet må få tilbake sine verkemiddel til å kunne avdekke ulovleg rusbruk. Det hadde vore førebyggande! No kan ein i praksis gå rundt med mange brukardosar narkotika i lomma, utan at politiet har mynde til å gjere noko med det. Det blir veldig feil i mitt hovud.

Misforstå meg rett, eg meiner sjølvsagt at både ungdommar og vaksne som er rusavhengige sjølvsagt skal få helsehjelp – ikkje få politistraff. Likevel må ein slå fast at det er skilnad på ungdommar og russ som røykar hasj på fest fordi det er lættis, og rusavhengige som verkeleg slit.

Neste veke tek eg saka til fylkestinget. Russetida skal vere nettopp det: Ei russetid – ikkje rusetid! 

Dordi Boksasp Lerum, fylkestingsrepresentant for Senterpartiet

Powered by Labrador CMS