LESERINNLEGG:

Blå plante, Honningsknoppurt
Honningknoppurt

Tid for test

Publisert

Det veks rundt oss. Det blir grønt både der det er bra og andre stader. Nokre stader veks det oss over hovudet. Ein del problemartar viser oss verkeleg kva dei er i stand til.

Det er mykje som kan gjerast. Ein del planter veit vi kva er, dei står i hagen vår og vi veit kva som skal til. Då er det mest berre å få det gjort. I andre høve er det fleire som deler på problemet, og då er det tid for å bli kjent med naboane om ein ikkje er det frå før.

Så har vi ein del tilfelle der planta som spreier seg ikkje har noko namn. Då er det ikkje så lett å vite kva ein skal gjere med problemet. Kven kan hjelpe med namn?

Naturvernforbundet skreiv til kommunane i vår og minna dei på at dei eig mange små og store areal dei skal forvalte i samsvar med naturmangfaldlova. Dei er pliktige til å vite kva dei har i grøftekantane før dei gjer kantslått eller graver. Det vil seie at kommunen må vite ein del om kva som veks på deira vegkantar og andre areal for ikkje å bli årsak til at framandartar spreier seg. Om ikkje kommunen har nokon som berre driv med dette, så har i alle fall nokon litt ansvar. Det må vere nokon på teknisk avdeling, i landbruksavdelinga eller nokon annan stad som kjenner mange av dei aktuelle. Ein del av artane er såpass greie at det ikkje bør ta lang tid før resepsjonen også veit kva mange av artane er for noko. Her er tale om litt enkel organisering og litt øving. Kommunane bør no ha hatt tid nok til å øve seg. Det er tid for å prøve dei.

Utgangspunktet må vere godt for å setje dette litt i system. Publikum som finn noko dei har mistanke om er eit problem tar med seg ei plante i ein pose så ikkje frø og anna blir spreidd, tar seg ein tur innom kommunehuset og spør i resepsjonen om hjelp. Der bør dei få eit namn på planta dei har komen med, om det er mellom dei vanlege. Ein tusj, og dermed står det namn på posen. Når du har namnet finn ein oftast råd på det store nettet om kva ein skal gjere.

Dei som er vanskelegare kan jo få eit telefonnummer eller epostadresse på posen som så blir levert til ansvarleg «botanikar» i kommunen. Det bør det kunne bli eit eller anna resultat av. Viss kommunen får auka sin kompetanse på dette området, og publikum finn ut kva dei har for slags problem, så må ein seie at resultatet vil vere bra.

Test kommunen din. Får du god hjelp, tips avisa om det. Får du ikkje hjelp, tips Naturvernforbundet om det.

Øystein Folden

Fylkessekretær, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Powered by Labrador CMS