Møre og Romsdal Bondelag

Bilde av mann i ullgenser foran traktor
Olav Håkon Ulfsnes, leiar i Møre og Romsdal Bondelag

Svært skuffa over Arbeidarpartiet

– Statens tilbod i jordbruksforhandlingane i år oppfyller ikkje bestillinga frå Stortinget om auka sjølvforsyning og styrkt beredskap, seier leiar i Møre og Romsdal Bondelag Olav Håkon Ulfsnes i ei pressemelding onsdag

Publisert Sist oppdatert

Ulfsnes meiner tilbodet frå staten i jordbruksforhandlingane i år som «svært skuffande». Tilbodet som blei lagd fram onsdag 7. mai, har ei ramme på 805 millionar kroner. Kravet frå jordbruket, som blei levert 28. april, har til samanlikning ei ramme på 2 milliardar kroner.

– Gjennom tilbodet foreslår staten at bøndene skal få lågare inntektsvekst enn andre grupper i samfunnet. Det vil føre til eit nytt inntektsgap mellom bønder og andre grupper på 8700 kroner per årsverk i 2026, etter at inntektstapet sannsynlegvis ville blitt tetta i 2025. Det vil føre til at bønder igjen sakkar akterut økonomisk, forklarer Ulfsnes.

– Eg er svært skuffa over at arbeidarpartiregjeringa bevisst legg opp til ein slik politikk. Det harmonerer dårleg med ambisjonane om økonomisk likestilling, auka sjølvforsyning og styrkt beredskap, seier han.

Tydelege prioriteringar i kravet frå jordbruket

Da eit samla jordbruk med forhandlingspartane Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag i førre veke leverte kravet frå jordbruket til jordbruksforhandlingane i år, var det eit krav for auka matproduksjon over heile landet, auka sjølvforsyning og styrkt beredskap. Kravet inneheldt tydelege prioriteringar som blant anna gjekk ut på å løfte produksjonane med lågast inntekt, særleg for bønder som driv med sau og ammeku, og også å styrkje velferdsordningane knytte til svangerskap, fødsel og sjukdom.

– Det var eit nøkternt krav med tydelege prioriteringar, seier Ulfsnes.

– Eg er overraska over at staten med Arbeidarpartiet ved roret ikkje er villig til å jamne ut forskjellar innanfor næringa ved å løfte dei som tener minst. Det harmonerer dårleg med ønsket om at «alle skal med», legg han til.

Risikoen blir lagd på bøndene

Eit hovudprinsipp i jordbruksforhandlingane er at bøndene først må få dekt inn auka kostnader før ein kan snakke om inntektsvekst. Staten har i tilbodet sitt lagt til grunn lågare kostnadsvekst på såkalla «ikkje-varige driftsmiddel», slik som handelsgjødsel, kraftfôr og energi, enn jordbruket har i kravet sitt. Differansen mellom krav og tilbod på dette området er på over 300 millionar kroner.

– Eg meiner det er ein reell risiko for at staten undervurderer kostnadene bøndene vil ha med å produsere mat, særleg knytt til bruk av kunstgjødsel, seier Ulfsnes.

– Dersom dette er tilfellet, vil inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet bli enda større i 2026 enn det staten har rekna inn i tilbodet sitt, noko som kan få svært alvorlege konsekvensar. Vår prognose er at kostnadsveksten på kunstgjødsel vil vere vesentleg større enn på andre driftsmiddel. Når staten ikkje tek høgde for dette, men berre legg konsumprisindeksen (KPI) til grunn veltar dei risikoen over på bøndene.

Beredskapen må styrkjast, ikkje svekkjast

– Vi står i den mest alvorlege sikkerheitspolitiske situasjonen sidan andre verdskrigen. Tilbodet frå staten vil svekkje matberedskapen i ei tid når samfunnet elles førebur seg på kriser. Eg ser alvorleg på situasjonen. Dette er ikkje tidspunktet for å svekkje matproduksjonen, slår Ulfsnes fast.

Powered by Labrador CMS