LESERINNLEGG:

Eg har ein draum!

Publisert Sist oppdatert

Eg har ein draum!

I følgje Grytten-utvalet tener den norske bonde i snitt meir enn snittet i landet, der ein liten del av bondeinntekta kjem frå jordbruket.

Kva gjer ein da, når ein arbeider meir enn 3000 timar i jordbruket og har for låg inntekt?

Tek på seg ekstraarbeid? Statistikken til utvalet syner at det er løysinga.

Det har vi gjort no.

Kortsiktig ja. Men eg trur at det framleis skal vere mogleg å vera bonde her i landet.

Men da MÅ styresmaktene sjå meir enn prisen på norsk landbruk. Dei må få opp augene for verdien.

Verdien av lokalprodusert mat, kulturlandskap,spreidd busetnad, beredskap, sjølvforsyning, levande bygder, bruk av heile landet, dyrehelse og -velferd, og mykje meir.

Eg har ein draum om at landet ser verdien av og i norsk landbruk.

Eg har ein draum om at Noreg skal produsere ein langt større del av maten vi et.

Eg har ein draum om at den norske bonde blir verdset og respektert for arbeidet hen gjer for samfunnet.

Dessverre er det slik at ein kan ikkje leve av ein draum.

Mange slit med likviditet og økonomi no. Kostnadane veks, inntekta minkar.

Råvareprisane som mjølk og kjøt er høgare i Europa enn i Noreg. Likevel stig heller importen enn minkar.

Det er berre Island som brukar mindre antibiotika enn Noreg. Dette er eit godt bilete på kva nivå dyrehelsa og dyrevelferden ligg på i Noreg. Dette får ikkje norske bønder betalt for.

Om det ikkje blir betring i vilkåra for den norske bonden, så må til og med eg, ein stapeis med 32 år som bonde, vurdere om dette er økonomisk bærekraftig.

Men…

Eg har ein draum!

Powered by Labrador CMS