Takk til Marit
Du har møtt henne nær sagt høgt og lågt når du har besøkt kyrkje, kyrkjegard og kontor. Men - tru det eller ei: Marit har vorte pensjonist!
Onsdag var kyrkjestaben i Surnadal samla til middag og hyggeleg takkelag med henne i sentrum. God-orda sat laust, og hovudpersonen fekk vite at ho blir sakna.
Vart kyrkjeleg «potet»
For sju år sia tok Marit Jonli Glærum på seg deljobb som kyrkjeleg reinhaldar. Det viste seg å bli eit breitt arbeidsfelt. - Det er no «potet» til alt-muleg-bruk eg har vore, smiler ho og erkjenner beskjedent at ho fekk ein meir allsidig arbeidsdag enn å bruke vaskeklut og støvsugar.
Når bemanninga har vore ufullstendig av ymse grunnar, har ho steppa inn – som kyrkjetenar med vaktmeisterjobb ute og inne, kontorarbeid og anna forefallande. Ja, ein vinter også på utlån som fungerande kyrkjeverje med to kontordagar for veka i Halsa prestegjeld! Dertil jobba ho noko i Rindal av og til.
Lys og varme og meir til
Anten ho har fungert som vaskar eller vakthavande, har Marit «lært seg» eit lite ti-tal med kyrkjer ut og inn: Frå reinhald til klokkeringing, salmeorden og brannsikring. Frå «mykje lys og mykje varme» til mygg og mic og vidløftige lydanlegg. Alle stader ulikt.
Og sjøl om TV- streaming av gudstenester ligg eit godt stykke unna vaskeklut og støvsugar, har ho fått prøvd å styre det og. - Men det e no itj akkurat favoritten det da, seier ho på velklingande lomundalsdialekt - som ikkje er utvatna sjøl etter 40 år i Glærem ved Surnadalsfjorden.
«Vil sakne bakelsa!»
Eitt sakn blir særleg merkbart, innrømmer kyrkjetenarane Oddvar Væge og Arnt Erik Otnes: - Dei nysteike bakelsa hennar når vi kjem inn våte og blåfrosne frå kyrkjegardar og utearbeid!
Stab, kontor og arbeidsgjevar Surnadal fellesråd overrekte synleg takk i form av blomster og andre gåver på avslutningsdagen.
Om hobbyplaner for pensjonisttida seier Marit at handarbeid er ein forsømt favoritt. – Og så vil eg vera enno meir bessmor åt dei fem barnebarna!
Rundt middagsbordet på Hammerstuene kom det tydeleg fram at Marit er hjarteleg velkomen til å stikke innom både kyrkjer og kontor også i framtida!