Unge krefter i aksjon:

Den gode samaritanen (Markus) tek seg av han som vart overfallen (Sigurd). Ventande medhjelparar er Sivert, Mathea og Eline

Felles gudsteneste

Gudstenesta i Stangvik søndag kveld er sams med Todalen og Åsskard. Konfirmantane har viktige roller.

Publisert

Å vera gode medmenneske er hovudtema. Forteljinga om den miskunnsame samaritanen blir presentert som drama. Dermed tek 15-åringane oppgjer med valden og mobbinga som pregar mykje av dagens samfunn.

Under øvinga tysdag vart den to tusen år gamle teksten flytta til vår tid og utforma med både humor og gripande alvor. Framstillinga dannar evangeliedelen av gudstenesta.

Aleks og Tora forklarer med sine roller kven som er «vår neste

Dei i alt 18 konfirmantane pregar liturgien også elles. Såleis er dagens forbøner utforma som teamwork. Blant tankevekkande ønske er fred i Gaza og Ukraina, betre vern om natur og miljø, at alle må få mat og – i tråd med dagens evangelium – at mobbing må opphøre, slik at elevane kan oppleve rettferdige og fredelege friminutt på skulen.

I heile vinter har konfirmantane vore aktiviserte i sine kyrkjer. Ein finn det difor naturleg at dei får utvida spelerom i denne søndagens gudsteneste. Og den er altså eit kveldstilbod til alle små og store dei tre sokna Stangvik, Todalen og Åsskard.

Liturg og predikant er Torbjørn Brøske.

Powered by Labrador CMS