Bernt G. Bøe i Rindal Menighetshus.

Hans Nielsen Hauge i Rindal

Husmøtet under Kulturvøkku 2021 i Rindal tok for seg Hans Nielsen Hauges besøk i Rindal som markering av at det er 250 år sidan han vart fødd.

Publisert Sist oppdatert

Til å presentere denne historia, hadde dei fått tak i lokalhistorikaren Bernt G. Bøe.

Bernt Bøe hevda at Rindal sto sentralt i Hauge si historie. Hauge drog igjennom Rindal og Surnadal fire gonger, i 1799, 1801, 1802 og 1803.

Hans Nielsen Hauge var fødd i Tune i Østfold i 1771. Etter ei djup religiøs oppleving i 1796, drog rundt i landet og forkynte Guds ord. Sidan ei lov som var kalla Konventikkelplakaten forbaud leke folk å halde preiker og tolke Bibelen, fekk Hauge store problem.

Hauge dreiv ikkje berre med forkynning på reisene sine. Han hjelpte folk med arbeid der han fór, arbeidde for maten, og han strikka medan han vandra frå bygd til bygd. Han la bakom seg imponerande mange kilometer dei åra han vandra rundt i landet.

Første gongen han kom til bygdene våre var i 1799. Da kom han frå Halsa over Hauaskaret, og omtrent der støtta over bjørneskyttaren Tølløv Folldal står, møtte han ei jente frå Sollia som truleg vart den første haugianaren i distriktet.

Hauge kom til Rindalskyrkja i lag med folka frå Harang. I Rindal overvar han gudstenesta med presten Lars Lund Finkenhagen frå våpenhuset. Bø beskreiv Finkenhagen som ein streng, embedsbevisst mann med svingande humør. Somme ville nok kalle han ein stribukk. Han var prest her i 40 år.

Folk spurde Hauge kva han tykte om preika. Da svara Hauge at den var overlag god. - Hør på presten. Viss dokk hører på han så går det dokk vel.

Ragnhild S. Bolme og Bernt G. Bøe framfor husa som står på Bogen i dag

Etter gudstenesta var det husmøte på Bogen på Kjerklandet, ein plass som låg litt nord for husa som står på Bogen idag. Presten erklærte møtet som ulovleg etter Konventikkelplakaten, og Hauge lydde presten, så han forkynte ikkje der.

Ungdomen John Olsen Rindal på 19 år var son i huset på Bogen og vart ein ivrig haugianar. Han og fleire andre rindalingar måtte møte hos sorenskrivar Lindemann for husmøta dei heldt. Sidan dei heldt fram med møter, vart John Olsen Rindal sett i arrest på Tingvoll. Han slapp fri etter ei rettssak der fleire frå Rindal vitna for dei. Dei vart «aldeles frikjent»!

Vi fekk vidare høre at lensmann Sogge hadde eit positivt, men problematisk forhold til Hauge. Han hadde ein jobb å gjere, men han var ikkje enig med synet embedsmennene hadde på Hauge.

Ein annan viktig ting som skjedde frå Hauge si side i Rindal, var at han under eit opphald i Utistu Tørset skreiv salmen «Du kjærlighetens Gud og Fader» som Bernt Bøe framførte for dette husmøtet. - Na songen eig dokk oppi Rindala, proklamerte Bernt Bøe.

Vi fekk også høre lydopptak av felespelaren John Røen som spela og song ein lokal versjon av «Jesus, din søte forening å smake». Den songen festa seg godt hos folk i Stangvik etter eit besøk av Hans Nielsen Hauge i 1802.

Det går mange historier om korleis folk opplevde eit møte med Hauge. - Slik ei tunge har eg aldri høyrt og får ikkje høyre meir, var eitt av utsegnene.

Hauge skreiv fleire bøker, og han skreiv også brev til venene sine rundt omkring i landet. Bøe meinte at det skulle finnast eit par slike brev i Rindal.

Du kan lese meir om betydninga av Hans Nielsen Hauge i den nye jubileumsboka for Ranes og Øye kyrkjer, skrive av Bernt Bøe.

Etter ein kaffepause fekk forsamlinga gjensyn med ei forestilling Rindal Kirkekor hadde om Hans Nielsen Hauge, under leiing av nettopp Bernt Bøe. Det var nok einaste gongen kormedlemmene viste seg fram som skodespelarar, og det var på dagen 22 år sidan, synte videoen.

Eit ekte "Haugianarbilde" frå Rindal anno 1999!
Fleire i salen kjente seg att på videoen.
Powered by Labrador CMS