Salmekunst på «samle-konsert»:
Rikt og folkeleg
Tonar og poesi frå alle hyller fylte Åsskard kyrkje onsdag. Salmekonserten var også ein samle-konsert!
Korleis det? Jau - den omfatta salmekunst frå folkedjupet, klassisk solo- og korsong, verbale refleksjonar og spenstig strengeklang frå feler og piano. Dessutan: I benkane sat ei deltakande og fulltonande forsamling.
Kveldens største sjarmør var 9-årige Tarjei Bøe. Saman med sin fiolinlærar Synnøve Hammervold fekk han både reel og mazurka til å danse frå strengane. Forsamlinga uttrykte si begeistring med stor applaus. Begge, mest Synnøve, gav også tonefølgje til salmesong og korsatsar.
Salmejubileum
Sentral deltakar var Sverre Hatle, som auste av sin salmekunnskap. Med bakgrunn i jubileet «Norsk Salmebok 100 år» tegna han levande portrett av pionerar som Blix, Støylen, Hognestad og Hovden.
Ut av sin oppvekst «mellom berg og knaus i tronge kår» (sitat Hovden), i fattigdom og diskriminering, skapte desse ein attkjennande salmekunst som lever i kyrkje og forsamling for all tid.
Langvatnet som Genesaretsjøen
Elias Blix skreiv nynorsksalmar (anonymt) alt på 1850-talet. Hans «Nokre salmar» (150 dikt, samla i 1891) vart godkjent som tillegg til Landstads Kirkesalmebok. – Blix opna bibeltekstene for meg når eg lærte salmevers i småskulen, sa Hatle. – «Ein båt i stormen duva» kunne like gjerne ha vore på Langvatnet som på Genesaretsjøen!
Sverre tok også fram dei tre (Bernt Støylen, Anders Hovden og Peter Hognestad) som redigerte «Nynorsk Salmebok» (1925): - Bernt Støylen var så sjøklein at han ikkje kunne bli fiskar. Han endte som biskop, men glømte ikkje sjøen – som han skriv på nr. 630 i salmeboka: «Gud signe vårt folk der dei sigler og ror og blåmyra pløyer i sør og i nord».
Hovden og Hognestad i godt selskap
Solist Svein Volle formidla Anders Hovdens vidunderlege «Symra» - som bilete på Gud.
Salmer kan vera stor poesi, gjerne med personlege opplevingar. Torgrim Tunes knytte sterke minne til «Lei, milde ljos» og deklamerte Peter Hognestads gjendikting slik berre han kan det.
Andre diktarar i det nynorske salmeprogrammet var Arve Brunvoll, Edvard Hoem - og nemnte Sverre Hatle, som har skrive «Du er mi øy i havet, Gud» (334).
Salmedekor og klassisk
Songarar frå Prosjekt 17 har stort salmerepertoar og berikar ofte allsongen i lokale gudstenester. Som kor ønskjer dei å formidle klassiske tonar, musikk som hører «folk flest» til.
«Ave Maria» av Mendelssohn, «Guds ære i naturen» av Beethoven og «Hallelujakoret» frå Handels Messias var blant perlene denne kvelden.
Som solist framførte Turid Røen Kroknes to Bach-satsar med innleving og vakker klang.