ANNONSE, LEDIG STILLING:

Surnadal kommune sitt kommunevåpen

Undervisningsinspektør vikariat - 2. gangs utlysning

Surnadal barne- og ungdomsskule er ein 1.-10 .skule. Det er om lag 520 elevar ved skulen og ca 90 tilsette.
Som undervisningsinspektør for småtrinnet vil du vere ein del av leiarteamet ved skule. Til stillinga ligg 80% administrasjon og 20% undervisning.

Ønska kvalifikasjonar:

  • formell pedagogisk utdanning

  • skuleleiarutdanning eller erfaring som skuleleiar er ønskeleg

  • god kjennskap til LK-20 og læreplanarbeid

  • erfaring frå pedagogisk utviklingsarbeid

  • erfaring med systematisk førebyggande arbeid for eit godt skulemiljø

  • erfaring med systematisk analysearbeid av elevdata for å tilpasse opplæringa best mogleg


    Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart i stillinga.

Personlege eigenskapar og fortrinn vi legg vekt på at du har:

  • tydeleg, målretta og løysingsorientert

  • stort engasjement

  • utviklingsorientert og nytenkjande

  • kan arbeide sjølvstendig og systematisk og har struktur på arbeidet

  • stor arbeidskapasitet

  • evne til fleksibilitet

Vi tilbyr:

- trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø

- kommunale tilsettingsvilkår

- gode pensjons- og forsikringsordningar

- flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen

Søknadsfrist: 30.juni 2026

Les meir og søk på Surnadal kommune si heimeside

Powered by Labrador CMS