Ordførarane i Møre og Romsdal krev svar:
Ligg problemet i HMR – eller i rammene føretaket har fått?
Ordførarane og fylkesordføraren i Møre og Romsdal går no samla ut med eit opprop til Helse Midt-Norge og helseministeren, skriv dei i ei pressemelding tysdag.
I oppropet ber dei om at det ikkje blir gjennomført irreversible kutt i sjukehustilbod, beredskap, fagmiljø og kapasitet før det er avklart om Helse Møre og Romsdal faktisk har fått økonomiske rammer som gjer det mogleg å løyse oppdraget sitt.
Ordførarane peikar på at Helse Møre og Romsdal over tid har vore pressa av store investeringar, auka lånekostnader, avskrivingar, IKT-kostnader, Helseplattformen og regionale fordelingsmekanismar. Samla har dette skapt ein situasjon der kutt i pasienttilbodet no blir framstilt som einaste realistiske veg.
– Dersom Helse Midt-Norge meiner at Helse Møre og Romsdal skal gjennomføre irreversible kutt i fagmiljø, kapasitet og beredskap, må det først dokumenterast at problemet faktisk ligg i HMR si drift – og ikkje i rammene føretaket er gitt, heiter det i oppropet.
Ordførarane ber Helse Midt-Norge bruke styremøtet i Ålesund 18. juni til å leggje fram ei reell og forpliktande løysing for Helse Møre og Romsdal.
Dei krev mellom anna:
– vesentleg sterkare økonomisk støtte til Helse Møre og Romsdal
– at meir av støtta kjem tidleg i 2026
– at omstillingskrava blir vurderte på nytt
– at nødvendige funksjonar ikkje blir bygde ned før konsekvensane er fullt utgreidde
– at kostnader knytte til Helseplattformen, IKT, renter, avskrivingar og investeringar blir handterte utan at det pressar fram kutt i pasienttilbodet
– at den varsla revisjonen av inntektsfordelingsmodellen vurderer om modellen faktisk sikrar likeverdige helsetenester i heile regionen
Oppropet viser også til uroa for dei prehospitale tenestene. Dei tre regionråda i fylket har tidlegare åtvara mot innsparingar i båt- og bilambulansetenesta, og peika på at svekt ambulanseberedskap kan få store konsekvensar i eit fylke med lange avstandar, øysamfunn, fjordkryssingar og krevjande vêr.
Ordførarane meiner saka handlar om meir enn lokal sjukehusøkonomi.
– Når økonomiske rammer over tid fører til svekka fagmiljø, dårlegare rekruttering, større pasientstraumar ut av fylket og meir sentralisering, er ikkje dette berre eit lokalt driftsproblem. Då er det eit regionalt og nasjonalt styringsproblem, står det i oppropet.
Ordførarane understrekar at dei ikkje ber om detaljstyring av sjukehusa.
– Det er ikkje detaljstyring å sikre at føretaket har rammer som gir innbyggarane i Møre og Romsdal eit likeverdig spesialisthelsetenestetilbod. Dette er eigarstyring, og det er eit ansvar som ligg til dei som er gitt tilliten.
Oppropet er signert av ordførarane og fylkesordføraren i Møre og Romsdal og kan lesas her.