ANNONSE, LEDIG STILLING:
Trusopplæringsleiar 50 % Vikariat
Trusopplæringsleiar 50 % Vikariat ( okt 26 – juni 2027 )
Vi søkjer deg som vil engasjere deg med arbeid for barn og unge frå 0 til 18 år. I stillinga får du moglegheiter til å utvikle og gjennomføre trusopplæringsarbeidet i samarbeid med sokna, frivillige og tilsette.
Det er ønskeleg at du er med på rekruttering, leiing og oppfølgjing av frivillige medarbeidarar, samt at du har god kontakt og godt samarbeid med offentlege etatar og frivillige organisasjonar.
Det kan forventast at du bidreg i andre kyrkjelege handlingar.
Kvalifikasjonar
Utdanning på høgskulenivå, primært med fagleg bakgrunn innan pedagogikk, kristendom og/ eller kunst/kulturfag. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
Erfaring med barn- og ungdomsarbeid
Beherskar data som arbeidsverktøy
** Andre med anna relevant utdanning/bakgrunn er velkommen til å søkje. Erfaring og interesse for kyrkjelydsarbeid er ein fordel
Vi kan tilby:
Eit godt arbeidsmiljø der trusopplæring er sentrale delar av vårt fellesskap.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som kjem fram av lover og reglement for KAs tariffområde.
Anna:
Den som vert tilsett må vera medlem av Den norske kyrke
Det krevst framlegging av politiattest.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til samarbeid.
Du må ha førarkort minimum klasse B og disponere eigen bil.
Kvelds- og helgearbeid må påreknast.
Søknaden med CV, attestar og namn på minst to referansepersonar sendast Surnadal kyrkjelege fellesråd, pb 19, 6656 Surnadal eller e-post: post@surnadal.kyrkja.no
Nærare opplysningar kan ein få ved å vende seg til kyrkjeverje på telefon 974 37 733
Søknadsfrist snarast og innan 25.09.26