Kommuneoverlegen i Surnadal melder:

Koronamitte ved SUBUS 6. trinn og ved to andre smittesporingar

Smittetrykket i kommunen er igjen høgt.

Smittesporing ved SUBUS 6. trinn

To elevar på 6. trinn ved Surnadal barne- og ungdomsskule har testa positivt på hurtigtest dei siste dagane. Smittesporing har så langt ikkje kunne bekrefte smittekjelde eller samanheng mellom desse to. Vi ventar snarleg resultat på PCR-testar av dei to elevane. Rutinemessig screening av 6. trinnet med hurtigtesting har så langt ikkje gjeve fleire positive testsvar.

Smittetrykket i kommunen er igjen høgt, etter eit par veker med mindre påvist smitte. På bakgrunn av dette førebur kommuneoverlegen beslutning om overgang til raudt nivå for det aktuelle 6. trinnet frå måndag 20. desember kl 00. Dette vil innebere heimeundervisning.

Barn under 18 år skal ikkje i nærkontakt-karantene, med mindre det er påvist smitte i husstanden. Så lenge det er mykje smitte i kommunen anbefaler kommunen at barn, ungdommar og vaksne viser ekstra smittevernomsyn i aktivitetar og under samankomstar.

Bekrefta smitte hos nærkontaktar ved to andre smittesporingar

To vaksne nærkontaktar ved andre pågåande smittesporingar fekk laurdag 18. desember bekrefta positive PCR-testar. Fleire positive prøvesvar er venta dei nærmaste dagane. Også her er den opprinnelege smittekjelden uklår.

Dette skriv kommuneoverlegen på kommunen si heimeside.

Powered by Labrador CMS