Surnadal vidaregåande skole informerer:

Surnadal vidaregåande skole

Informasjon om raudt nivå frå måndag 4. januar

I samband med at regjeringa har pålagd alle vidaregåane skolar raudt nivå, gjeld følgjande på Surnadal vidaregåande skole frå måndag 4. januar:

1. Ingen sjuke skal møte på skolen.

2. Tilsette skal så langt som råd arbeide frå heimekontor, med unntak av undervisning som er fysisk på skolen.

3. Ved ein eventuell karanteneperiode, skal elevane ta del i undervisning frå heimen så langt helsa gir rom for det.

4. Ved raudt nivå blir fellesareal som personalrom, bibliotek, kantine og idrettshall avstengt for bruk og opphald. Det blir sal av mat og drikke innanfor retningslinjene for kantindedrift.

5. Skoleskyss. Eigen veiledar som gjeld skoleskyss blir fulgt.

6. Skolen blir delt inn i soner for programområda med definerte eigne inngangar. Elevane skal ikkje ha opphald i andre enn eiga sone. (Eige oppsett på dette blir utsendt.)

7. Reinhald blir fulgt som i veiledaren for raudt nivå.

8. Elevane skal vaske hendene når dei kjem på skolen og mellom ulike økter. Elevane skal og vaske hendene før dei dreg heim. Dei vasker over pulten sin etter økta. Utstyr til dette blir satt fram i gangen.

9. Elevane skal ikkje dele på skoleutstyr som pc, bøker, verktøy og anna.

10. Elevane skal kun ha tilhald på oppsatte faste klasserom. Friminutt kan og takast ute.

11. Ved delvis nedstengt skole får elevane tilbod om ei veke på skolen og ei veke med undervisning heime. Det blir utarbeida eiga plan for undervisning og oppmøte.

Elevar med særskilde behov får prioritert tilbod på skolen.

Måndag 4. januar (og resten av veke 1) møter følgjande elevar på skolen:
3ST1, 2ST1, 2ST2, 2IN1, 2BU1, 2HE1, 2AU1, 2BY1.

For elevar som er heime, blir det digital undervisning frå tysdag 5. januar.

Det skal ikkje vere kroppsøving for elevar måndag 4.1.

Hybelbuarar skal IKKJE møte på skolen i morgon! Dette er avklart med kommuneoverlege Bjørn Buan.

Etter det kommunale beredskapsmøtet i morgon, måndag (ca kl 13.00), kjem det ny informasjon.

Vi oppmodar elevar og føresette om å følgje med på skolens heimeside surnadal.vgs.no og på skolen Facebookside facebook.com/surnadalvgs

Powered by Labrador CMS