Konsert i Stangvik Kyrkje

Ei magisk oppleving i Stangvik Kyrkje

Søndag 15. oktober vart eit musikalsk høgdepunkt i Stangvik kyrkje da kammerkoret Ensemble Dalí heldt ein minneverdig konsert. Koret skapa ein behagelig og stemningsfull atmosfære med si framføring av den kjende komposisjonen «Vesper» av Sergej Rakhmaninov.
Dirigent Anette Dean ønskja velkomen til publikum og forklarte at verket er ein utfordrande allnattsvake. Dei 15 satsane består av både krevande bassparti og nye lydar som koret ikkje er vande med. Dean ba om stillheit og respekt for kyrkjerommet i pausen, og oppfordra til å vente med applaus til etter konserten.
Konserten starta og Ensemble Dalí viste seg som eit dyktig og samspelt kor. Tenorsolist Olve Haugen og altsolist Oda Fredriksen viste fram sine imponerande talent med kraftfulle stemmer og eineståande vokalteknikk. Dirigent Dean leia koret med presisjon og lidenskap.

Bass Richard Liodden Sanders satt igjen med ein svært god kjensle etter konserten.
— Det er godt å framføre så god musikk, kjenne seg godt forberedt og ha med seg gode solister og ein dirigent som vi er trygge på, sa Sanders. Det er også fantastisk å få synge i Stangvik Kyrkje med god akustikk og vakre omgivelser. Alt Julie Refseth seier det er ein ære å få vere med å framføre dette verket.
— Dette er jo et av kanonverka innafor korsang, fortsatte ho.
— Man kan jo spørje kvifor vi vel å framføre russisk musikk når Russland angrip Ukraina, seier Richard. Vi tykkjer Rakhmaninovs skrev musikk som er verdt å få spelt, det er kirkeslavisk og det er like viktig i Ukraina som i Russland. Dette er verdsmusikk, fortsatte han.
Snart er det tid for korets årlige julekonsertar, og koret skal også framføre Vesper igjen under Ålesund Kammermusikkfestival i februar. Julie Refseth la til at dette er eit kor som rekrutterer.
— Det er lov for nye sangere å bli med, om dei er interessert å synge storslått musikk, seier Refseth. Koret har øvingar i Kristiansund.


Ensemble Dalí imponerte og konserten var ein stor suksess. Publikum svara med ståande applaus og Rannveig Brøske, leiar i soknerådet i Stangvik delte ut blomstrar til dirigenten, på vegne av Stangvik sokneråd og publikum.
—Vi som er her i dag er ei eksklusiv gruppe. Vi er heldige som fekk ei slik fantastisk oppleving. Takk og velkommen tilbake, sa Brøske før ho delte ut blomstrane.

Koret består av:
Dirigent Anette Dean
Olve Haugen
Oda Fredriksen
Beate Klipperberg
Christine Reitan
Ellen Dorthe Jensås
Pia Margaret Samset
Åse Schiøtt
Anja Poulsen
Hanne Benedicte Drabløs
Inga Sølvi Korsvik Melby
Borghild Neergaard Aarset
Hanne Synnøve Liodden Sanders
Julie Refseth
Lillian Jakobsen Furulund
Christina Drewes
Monica Ødegård
Helle Janss Haugli
Eirik Helgesen
Eirik Mundhjeld
Karl Yngve Lervåg
Rune Martinez
John Henrik Møllerhagen
Marius Nilsen
Geir Olav Rød
Karl Aksel Eide
Sigmund Rodal
Ralph Herter
Richard Liodden Sanders
Terje Takle
Trond Håskjold
Gunnar Amadeus Syvertsen
Øyvind Schøitt