Koret Prosjekt 17. Dir. Bernt Bøe. I midten Sigrid Bøe og Erik Rosenius.

Etter Jonsvaka 2022

Publisert Sist oppdatert

Eg vakna laurdagsmorgonen før halv sju og kjente på meg at eg nyst hadde vore med på noko stort. Det var ikkje berre det at sola var så blank. Det var etterklangen frå Åsskardkyrkja i gårkveld. Eg har verken kunnskap eller musikalitet nok til å finne dei rette orda. Superlativa ligg ikkje laust på tunga mi, men på veg innover strendene i natt fall orda slik: Vi treng såvisst ikkje reise til London eller Berlin for å få dei store musikkopplevingane, vi kan reise til Åsskard. Eg visste nok at det var verdensstjerner i kyrkja denne kvelden, men korleis kunne det gå til at dei trufaste slitarane i det lokale koret kunne mengje seg med stjernene, bl.a. Sigrid Bøe, i ein utomjordisk velklang i ein uvanleg original dialog mellom pinsesalmen «Velsignede morgen» og «Solveigs vuggevise», begge frå Ibsen og Griegs «Peer Gynt». Det var eit sterkt musikalsk og menneskeleg møte med den vilkårslause kjærleiken.

Jonsokdagen 24. juni vart vi invitert til det førtiande kyrkjeleg-musikalsk-kulturelle arrangementet under tittelen Jonsvaka i Åsskard kyrkje. Kvart år sidan 1982, så nær som korona-året 2020, har lokale krefter og gjæve gjestar gjeve oss slike rike opplevingar. Denne gongen tok Bernt Bøe oss med på ei historisk biletvandring gjennom alle desse jonsvakene. Og etter den tradisjonelle pausen med kaffe og beiningsmat, fekk vi servert ein konsert med mange «feite rettar».

Alt tidleg i konserten «forelska» eg meg i unge Erik Rosenius med den store stemma. Forelsking er sjeldan nøktern og sakleg, men meir enn ein gong har eg vore skuffa over høgt anerkjente stjerner som stod på fjernsynsskjermen og «mulla» eller kviskra til mikrofonen med luft på stemmebanda og tekst som eg aldri greidde å tyde. Så står Erik der utan så mykje som ein mikrofon, og røysta hans fyller kyrkja med velklang, og mine gamle tunghøyrte øyre gjekk ikkje glipp av ein einaste språklyd!! Burde ikkje all verdsens diktarar stå opp og krevje at slik må unge talent få lære å syngje så alle kan både høyre og håtte!

Programmet var ei smakfull og spennande blanding av kyrkjemusikk, annan klassisk musikk og folkemusikk. Som klangbotn for all songen låg tonane frå eit ensemble av to fiolinar, bratsj, cello og obo – og Tor Strand på orgel og piano. Og Ola Bræin framførte nordmørske folketonar på munnspelet. Sigrid og Erik + solistane Turid Røen Kroknes og Øystein Moe, fungerte også som korsongarar mellom solopartia. Mot slutten framførte koret «Landkjenning» av Bjørnson og Grieg, «Norges mest kjente korsang» – som har følgt Jonsvaka i nesten 30 år. Erik song i rolla som Olav Trygvason med sin visjon av eit kristna fedreland.

Solistane Sigrid Bøe og Turid Røen Kroknes.

Og kven hadde valt ut og arrangert musikken på nye måtar, skrive notar og øvd inn, organisert og inspirert og sett i gang alle «dei gode hjelparane» sine kring fjordane, og dirigerte konserten? Kven andre enn Bernt Gudrunson Bøe!

Alt vart poesi, jamvel Sigrid sine kvardagsord på bøfjordmål i annonseringa: "Strauss skreiv ta så morgongave åt kjerringjen sin dagen ette at dem vart gift." Når vi kom ut or kyrkja, fekk vi med oss ut i sommarnatta ei helsing med Gerhardts og Støylens «No kviler skog og lundar» i originaldrakt frå 1495. Etterklangen følgjer oss. Takk for ein stor kveld.

Avslutning av Jonsvaka utfor kyrkja. Koret og musikkensemblet. Dir. Bernt Bøe.
Powered by Labrador CMS