Trondheimssolistene med solist Gjermund Larsen

Gjermund Larsen spiller på scene
Gjermund Larsen viste sitt store talent som fiolinist med eigen musikk.

Fantastisk nyttårskonsert, og Anders Larsen med stor Vårsøg-annonsering!

Det nærmar seg, som Anne Lise Wullum sa, sølvbryllup mellom Surnadal kulturhus og Trondheimssolistene. I år fylte de Storstuå nok ein gong til ein nydeleg nyttårskonsert!

Publisert Sist oppdatert

Det var fullt med folk i Storstuå på kulturhuset fredag kveld, da Trondheimssolistene med solist Gjermund Larsen ankom scena. Anne Lise Wullum ønskte velkomen og fortalde at det snart er sølvbryllup mellom kulturhuset og Trondheimssolistene. Dei har spelt konsert i Surnadal nesten kvart år sidan vi fekk kulturhus.

Kulturskuleelevar frå Surnadal, Rindal og Sunndal var med frå starten, og fekk spele saman med Trondheimssolistene og Gjermund Larsen. Cellist og musikalsk leiar Øyvind Gimse spøkte med at dette kanskje var det einaste Surnadal og Sunndal samarbeida om. Elevane imponerte stort og var utruleg samspelte med solistane.

unge musikanter på scene
Kulturskuleelevar frå Surnadal, Rindal og Sunndal fekk spele saman med Gjermund Larsen og Trondheimssolistene.
Trondheimssolistene spiller
cellister på scene

Øyvind Gimse fortalde at han var "heim til nyttår" istaden for "heim til jul". Han var altså tilbake som musikalsk leiar for Trondheimssolistene. Gimse leia publikum gjennom heile konserten, og presenterte musikken dei spelte. Det vart ei reise i musikken frå 1600-talet og Biber, og heilt til Gjermund Larsens nye folkemusikk!

Vidare fekk publikum høyre to ukrainske folketonar i ein strykekvartett frå Tchaikovsky, det Gimse beskreiv som "kanskje litt stygg musikk" frå Nikos Skalkottas, og nokre norske tonar i stykke frå Middelhavet av Geirr Tveitt. Stor variasjon, og utruleg imponerande av musikarane!

Mann snakker i mikronen med cello
Øyvind Gimse leia publikum gjennom konserten.
orkester spiller på scene

Gjermund Larsen blei eit høgdepunkt på konserten da han kom tilbake på scena for å framføre sin eigen musikk. Han spelte "Krambupolka", valsen "Drømmeland",  "Vintermarsj" og "Kitchen Polka" der inspirasjonen var teke frå kjøkkenet til mor si! Desserten var "Pilgrimsdans", som han sa passa godt når vi no går inn i eit nytt år, og får ein ny start. 

Larsen levde seg inn i musikken og skapte magiske augeblikk for publikum med sitt store talent. 

orkester på scene. solist i midten
Gjermund Larsen var utruleg samspelt med Trondheimssolistene.

Anne Lise Wullum frå Surnadal kommune takka for ein fantastisk konsert og delte ut blomar til kulturskulelærar Synnøve Hammervold, Gjermund Larsen og Øyvind Gimse. Ho skrøyt av alle solistane og beskreiv kvelden som eit fyrverkeri. 

kulturskolelærer mottar blomster på scenen
Synnøve Hammervold blei takka for sitt engasjement som kulturskulelærar.
mann får blomster på scene
Øyvind Gimse fekk blomar på vegne av Surnadal kommune og publikum etter konserten.
mann med blomster og fiolin på scene foran orkester
Gjermund Larsen etter konserten.
dame deler ut blomster til orkester
- Tom for ord! Anne Lise Wullum takka Trondheimssolistene for ein nydeleg konsert, før ho ga ordet til Anders Larsen som kom med ei annonsering!

Deretter ga Wullum ordet til fiolinist og surnadaling Anders Larsen som kom med ein salutt og annonsering til publikum. Trondheimssolistene kjem nemleg tilbake til Surnadal i mai og skal avslutte Vågsøghelga i Storstuå med "Dei fire årstidene" av Vivaldi! Denne gongen har dei med seg Geir Inge Lotsberg som solist på fiolin. 

Heilt til slutt avslutta Trondheimssolistene og Gjermund Larsen med å spele "When you Wish upon a Star". Ein minneverdig konsert og ein strålande start på det nye året. Vi anbefaler alle å få med seg dette fantastiske kammerorkesteret under Vårsøghelga i mai!

kammerorkester på scene
Anders Larsen og Trondheimssolistene.
Powered by Labrador CMS