Surnadal kommune melder:

Tilgrising av toalett på Kalkstranda

Kalkstranda er eit svært populært og påkosta friluftslivsområde for innbyggarar og tilreisande. Folk sett stor pris på at publikumstoalettet er så reint og innbydande. Dessverre har vi opplevd at toalettet har vore nedgrisa fleire gonger den seinare tida. Toalettskåla har vore fullstappa med papir og dorullar, og dørhandtaket har vore gnidd inn med hundeskit. 

Den eller dei få som står bak dette øydelegg for dei mange som er glade i Kalkstranda. Reinhaldarar står på gjennom heile sommarhalvåret for å halde toalettet reint og fint, og søppel blir tømt dagleg av teknisk drift. Å bli møtt med eit slikt syn, er berre trist, og vi håpar det ikkje skjer igjen. 

Kalkstranda blir årleg tilført betydelege mengder kalk, og volleyballbanen blir tilført ny sand denne sommaren. Den siste tida har vi også utbetra og sikra delar av av området etter at massar har rent ut som følge av påkjenning frå ver og vind. 

Vi er alle stolte av Kalkstranda og håpar vi får mange flotte soldagar der, og på andre fine badeplassar i kommunen framover. 

Et offentlig toalett som er tettet av doruller og papir.
Et dørhåndtak tilgriset med hundeskitt.

Hærverk på skilt og bom i Grytåfeltet

Rett før og under pinsehelga vart det rive ned skilt i området rundkjøringa/Grytåfeltet. Vegbom på gang- og sykkelvegen mellom Asplivegen og Krokvegen har også vorte riven ned. Vi veit heller ikkje kven som står bak dette, men igjen er det fellesskapet sine ressursar det går utover. 

Les heile saka på Surnadal kommune si hjemmeside.

To veiskilt som er dratt opp og kastet i veikanten.
Et stengsel som er ødelagt og ligger nede på marka.

 

Powered by Labrador CMS