Bøfjordhelg 11.-13. juli:

Jubileum med stort program
30-årsjubileet for Bøfjorden Grendahus vil prege årets Bøfjordhelg. Men jamen skjer det mykje utafor «storstua» og!
I pakt med gammel tradisjon varer helga «tre dagar til ende». Fredag 11. juli startar ein med fotballkamp på Leikarvollen Stadion. Der blir det så salg av grillmat. Quiz-konkurranse i grendahuset avrundar opningsdagen.
Båtliv, sagbruk og nye fjøs
Laurdag er heile bygda arena for ei rekkje tilbod til små og store. Gardane Dragset og Staknes opnar sine nye, moderne fjøs for besøk om føremiddagen. På Bø blir det også hesteriding.
Bøfjorden Sag har omvisning, og på fjorden blir det båtliv – delvis prega av trebåtar og tradisjon.
Veteranbilar og Bjørnis
Frå midt på laurdagen skjer det meste ved Bøfjorden Grendahus. Matsalg står bokstaveleg tala på menyen, og fjorårets suksess med veterankjørety freistar til gjentaking.
Det blir frisbeegolf, og barnefavoritten Bjørnis lovar å koma. Grendahuskjellaren har rom for salgsboder. Den som har produkt å selje, kan kontakte Sondre Bøe om dette.
Jubileum og dans
I nonstida laurdag opnar kulturprogrammet i Storsalen. 30-årsjubileet for Bøfjorden Grendahus vil prege denne samlinga.
Om kvelden blir det plattdans med levande musikk av gruppa «Gøy på landet».
Blåfjelløp, bacalao og jubilant II
Søndag 13. juli går det årlege Blåfjelløpet frå Dragset til Halsa. Dette er eit samarbeid mellom idrettslaga Halsa og Bøfjord.
Bøfjorden Sjøbruksmuseum har som vanleg søndagsope 13-17 og byr på bacalao-middag. Her er bygda sin andre 30-årsjubilant i aksjon: Bøfjorden Historielag vart nemleg og stifta i 1995 og starta drifta av museet same året. Dette blir markert gjennom bildekåseri med glimt frå historelagets arbeid sia starten.
Eit vippslotteri med fine gevinstar går heile Bøfjordhelga. Trekning blir kunngjort i rimeleg tid.