Pressemelding:

Geir Inge Lien og Jenny Klinge

–Håplaust at SV vil auke drivstoffprisane endå meir

– Vi vil kjempe med nebb og klør mot SVs krav om høgare drivstoffprisar, seier Jenny Klinge og Geir Inge Lien, stortingsrepresentantar for Senterpartiet i Møre og Romsdal.

– SV skal liksom vera så solidariske, men det er rimeleg usolidarisk å heve prisane for drivstoff no i ein situasjon der prisane er ekstremt høge uansett. Hugs at dette rammar veldig mange menneske med låge eller vanlege inntekter som ikkje har anna alternativ enn bilen. Både for privatpersonar og for næringslivet er forslaget frå SV dårleg nytt, seier Klinge.

Regjeringspartia Sp og Ap forhandlar no med Sosialistisk Venstreparti om neste års statsbudsjett. SV har i sitt alternative statsbudsjett forslag om avgiftsauke som inneber at bensinprisen går opp med 1 krone og dieselprisen med 2 kroner.

I forslaget som Senterpartiet står bak vil det bli om lag 50 øre prisreduksjon på anleggspumpene for avgiftsfri diesel, noko som vi har kalla dieselmilliarden. Vi har sjølvsagt ønska oss ytterlegare kutt, men dette forslaget har vore godt mottatt i anleggsbransjen, nettopp fordi det inneber ein milliard i kutt. No vil SV motarbeide dette. Det er håplaust at SV til auke drivstoffprisane endå meir, og det er sjølvsagt heilt uaktuelt for oss, seier Geir Inge Lien.

– Møre og Romsdal er eit fylke med store avstandar og dei høge drivstoffprisane er eit stort problem for mange. Anleggsbransjen er ekstra ramma. No er det viktige forhandlingar om statsbudsjettet for 2023 med SV, og ein må ta og gi. Men vi i Senterpartiet er særleg opptatt av å unngå avgiftsauke på drivstoff, både på bensin og diesel, og vil kjempe for å forhindre at dette skjer, seier Klinge.

..

Powered by Labrador CMS