En smilende kvinne hviler ved et gammelt gjerde i en grønn eng.
Jenny Klinge.

Jenny Klinge debuterer med si mest personlege forteljing 

Etter 18 år i rikspolitikken presenterer tidlegare stortingsrepresentant Jenny Klinge no sceneforteljinga «Kanarifuglen og ørna».

Publisert Sist oppdatert

Klinge fortel at ho med skrekkblanda fryd har leigd Storstuå i Surnadal kulturhus den 15. oktober kl 19.

– Eg har ruga på denne ideen lenge. Det er vel rette måten å seie det på når det gjeld ei forteljing der tittelen inneheld to fugleartar, seier Klinge og ler.  

Kvifor førestillinga har fått tittelen «Kanarifuglen og ørna», ønskjer Klinge at publikum skal oppdage gjennom sjølve forteljinga.

– Dette blir den mest personlege historia eg nokon gong har fortalt offentleg, seier Klinge, og held fram:

– Målet er ikkje at folk skal synest synd på meg. Målet er at fleire skal forstå kor komplekse menneske kan vera, og at vi aldri må forstå andre berre ut frå diagnosar eller fordommar om diagnosar.

Klinge fortel at ho vil dele erfaringar frå eit liv prega av store kontrastar  – korleis ein kan bli oppfatta som ressurssterk og vellukka, men samstundes kjempe med problem som få andre veit om. 

– Eg ønskjer at førestillinga skal utfordre måten vi ofte tenkjer om psykisk helse, talent og menneskeleg potensial. Eg vil koma inn på korleis traumatiske livserfaringar, stress og nevrobiologiske forskjellar kan påverke liva våre og den personlege utviklinga vår, seier ho.

Gjennom personlege historier, refleksjonar og humor tek Klinge publikum med på ei sceneforteljing om livet, menneskesinnet og dei usynlege kampane mange ber på.

  – Dette handlar ikkje om å søkje medkjensle. Det handlar om å skape forståing. Eg håpar publikum går heim med eit rausare blikk på andre menneske – og kanskje òg på seg sjølve. 

Les meir på Jenny Klinge si facebookside.

 

Powered by Labrador CMS