Foredragshaldaren med hollandsk kart over Nordmøre frå midt på 1600-talet

Da hollendertida inntok Stornaustet

Laget Næringshistorie Halsa formidlar mykje interessant dokumentasjon frå fortida. Søndag foredrog Einar Oterholm om lokal sagbruksdrift i glansperioden vi kallar «hollendertida».

Publisert

- På skulen lærte vi mykje om kongar og krigar, starta han. 

- Men lite om kva folk streva med og fekk til. Som i storhetstida på 1600-talet med trelastindustri og omfattande eksport.

Grundighet

Med sedvanleg grundighet og gode bilete la Einar fram historia. Før dei vassdrivne oppgangssagene kom på 1500-talet, vart plank og bord laga ved at dei kløyvde tømmeret med øks og blegg. Slik er det imponerande å sjå kva finhoggen material vikingane bygde skipa sine av!

Boom på 1600-talet

Etter 1600 vart det bygd oppgangssager i små og større vassdrag i bygdene våre. Utlandet hadde bruk for material, og særleg hollandske firma spesialiserte seg på transport av trelast – både til heimlandet og til andre land. Spesialbygde seglskuter gjesta hamner også på Nordmøre. Mang ein fløyt («fluit») og andre tømmerskuter var jamt å sjå i fjordane våre. Eksporten gav betydelege inntekter til sageigarane.

Teknologi og ekspansjon

Einar viste på lerretet korleis oppgangssaga virka – med at vassdrivne hjul skuva sagbladet opp og ned og skuva tømmeret fram. På karta hans over sagbruka i bygdene såg vi ei rivande utvikling: I 1619 hadde Nordmøre 32 oppgangssager. I 1647 var talet meir enn tredobla – til 104. Alle bygder hadde ei eller fleire.

Mann foran teknisk skisse
Forklaring på prinsippa for oppgangssag
I 1647 var det registrert 104 sager på Nordmøre. Einar Oterholm si teikning vist på lerretet.
Her har karttegnaren (1658) fått mange opplysningar frå sjøfolk som farta Sunndalsfjorden etter trelast.

Kulturarv

Sjøl om storpolitiske inngrep etter kvart minska hollenderane sitt hegemoni i trelasthandelen, har vi enno mange kulturlevningar – ikkje minst språkleg – frå nederlandsk og nedertysk etter denne tida. Eksempel: Ikkje ein «døyt» - liten mynt. Å gå «fløyten» - dra med trelastskute («fluit»). Dei mange orda på be-, an- og -else. Likeså «hulter til bulter», «bestikk» og «dørk». Og har du eitt av følgjande namn, kjem det derifrå: Emma og Hans, Gunda og Hermann – forutan namnet på herverande artikkelskribent.

Trelastskute – truleg ein «fluit» - som dekor på gammel porselensflis

Historisk grunn

Og han sit og skriv dette på Sagbakken, ovafor Sagtrøa og Sagvelta med Saghølen i elva nedafor – der oppgangssaga Zetumb Saug skar plank til Holland, Frankrike og England for over 400 år sia ...

Powered by Labrador CMS