Kveldsgudsteneste

Alterbilde Øvre Rindal kapell Jesus ber i Getsemane
Dette bildet som er ein del av altertavla i Øvre Rindal kapell passar godt natt til langfredag.

Kveldsgudteneste i kapellet

Skjærtorsdags kveld var det kveldsgudsteneste i Øvre Rindal kapell. Det er tradisjon at ein feirer gudstenesta rundt langbord med kveldsmat og nattverd denne dagen for å minnast den første nattverden.

Publisert

Her er preika Lene prest heldt Skjærtorsdag kveld:

Matt. 26,17-30.

Altertavla i Øvre Rindal kapell
Altertavla i Øvre Rindal kapell med døpefonten. Dette bildet av Jesus i Getsemane viser kva som hendte etter nattverdsmåltidet.

Den første dagen i høgtida med usyra brød kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?» Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: ‘Meisteren seier: Tida mi er nær; hos deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine.’» Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og gjorde i stand påskemåltidet.

Då det vart kveld, gjekk han til bords med dei tolv. Medan dei åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.» Då vart dei svært sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg, Herre?»

Jesus svara: «Den som har dyppa handa i fatet saman med meg, han kjem til å svika meg. For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.» Då spurde Judas, han som sveik han: «Det er vel ikkje eg, rabbi?» «Du har sagt det», svara Jesus.

Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til læresveinane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.» Og han tok eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det! Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange så syndene blir tilgjevne.

Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.» Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.

Dagsorden er fint. Gjerne levert ut på førehand, slik at folk som er kalla inn veit kva som skal skje.

Når Jesus inviterer venene sine på påskemåltid, er ikkje dagsorden nødvendig. For den er ikkje ny i år. Nei, den er like gamal som den alltid har vore. Tufta på tradisjon. På identitet som jødar, Guds utvalde og utfridde folk.

Tufta på takken til Gud for at han berga dei frå farao og slaveriet og alskens elendigheit. Påskelammet vart slakta den gongen i Egypt, for å etast i fellesskap og for å gje blod til merke på dørkarmane slik at dødsengelen skulle gå forbi. Eitt lam for kvar familie eller gruppe som slo seg i hop, slik at alt vart ete og alle vart berga. Eit guddommeleg forsyn.

Då Jesus og disiplane hans gjekk her på jorda, hadde det vore tradisjon å feire pesach, eller påske, i over 1200 år. Så ja, dagsorden var sett.

Kontrastane skrik imot oss gjennom det stykket bibeltekst me har høyrt. Her er ein som er, bokstaveleg talt, livredd.

Han veit at tida hans er nær – som den er komen for dei som skal svikte, forråde, stikke av, banne og sverge, piske, flette tornekrone, dra sverd, sputte og håne. Han veit så inderleg vel kva som ligg føre.

Om disiplane ikkje har hatt noko særleg til intuitive evner før, så får dei sanninga forkynt no. Unekteleg må det leggja ein dempar på stemninga når verten fortel at ein av dei skal forråde.

Og han som gjer det opptrer som falskheita i eigen person. «Det er vel ikkje eg, Rabbi?» spør han.

Og så deler dei påskelammet. Symboltungt så det held. Lam med kjøt som mettar og blod som beskytter. Inntil det blir ubehageleg nært og eksistensielt. For no er det Jesu kropp som blir delt opp og delt ut mellom hans og deira hender. Og vinen blir paktblod når det er sagt, til beskyttelse mot død og undergang. Eller som Jesus seier det: Så syndene blir tilgjevne.

Så nært oss og det som er vårt av skam og forsømmelsar, feigskap og falskheit, uverdigheit og nederlag. Så nært oss, under huda på undergangskreftene som herjar i oss. Så syndene blir tilgjevne. Så synda vår blir tilgjeven.

Dagsorden fortel kva som skal til: At ein skal døy for å berge alle. Teiknet ligg i Jesu kropp, i Jesu blod. Deri ligg framtida.

Pasche vart feira for å minnast det som var. Nattverden blir feira for å på nytt og på nytt ta til seg av det som er vår eksistens: Den nye framtida. Stadig ny.

Og så song dei lovsongen. Som eit hån mot alt som vil rive ned.

Me held fram med lovsongen, slik den er formulert i høgtidsbøna for Skjærtorsdag i salmeboka:

Herre Jesus Kristus!

Vi lovar og prisar deg fordi du har elska oss så djupt at du lèt lekamen din bli broten som brødet vi et, blodet ditt verta utrent som vinen vi drikk.

Du har gjort oss reine for Gud, og derfor kjem vi til ditt bord med frimod og gede.

Lat kjærleiken din verta verande i oss, så vi tener kvarandre som du tente oss, og rekkjer tilgjevinga vidare. Ja, gjev oss å leva med kvarandre, slik at livet her vert ein forsmak på gleda i ditt rike, der kjærleiken mettar alle frå æve og til æve.

Amen.

Powered by Labrador CMS