LESERINNLEGG:

Porttettbilde av Frank Sve (Frp)
Frank Sve (Frp)

Ryddejobben etter AP!

Publisert

«AP og tidligare fylkesordførar Hoem har køyrt fylkeskommuna på veg utfor stupet, no startar ryddejobben».

Ei skakkøyrde fylkeskommunen der det meste har fått leve sin eigen verden i «sus og i dus» fører no til betydelige omstillingsbehov.

Det meste har fått skje med AP og SP ved roret, i fylket der skandalane ved fylkeshuset as toppar det heile.

Administrasjonen har auka, medan tjenestene vart kutta med AP ved roret, slik som ferjetilbodet og kraftige kutt innan vidaregåande skular og innan samferdsel,

Det nye fleirtalet med FrP i spissen setter sjølvsagt inn igjen ferjetilbodet som AP og SP kutta, og kutta heller i administrasjonen.

Når eg leser uttalelsene til tidligare fylkesordførar Hoem frå AP, verkar det som om at lojaliteten overhode ikkje ligg til tjenestene til innbyggjarane, då AP er mest opptekne av byråkratiet.

Ikkje rart, når vi ser dagens AP og SP regjering aukar opp statleg byråkrati og gjer det dei kan for å øydelegge privat næringsliv og arbeidsplassar til vanlige folk. Spesielt vert verdiskapingsfylket Møre og Romsdal råka.

AP og SP regjeringa har sørga for tidenes dårligste fylkesbudsjett, som medfører kutt i rammene til vårt fylke neste år. Dette i tillegg til skyhøge skattar og avgifter, skyhøge straum og drivstoffprisar samt ei galopperende rente.

Dette medfører samla til store nødvendige omstillingar og kuttbehov i fylkeskommunen.

«Skam dokke AP, det skulle skinne av kommunane berre dokke kom til makta.
No ser vi resultatet som definitivt er,
- velkommen til verkeligheita av AP i regjering.»

Omstilling på 2,7% i 2024 og nytt omstillingsprosess vidarer frå 2025 er heilt nødvendig, og berre «krusninger» tatt i betraktning kva kommunane ellers må omstille.

Ryddejobben etter AP er i gang her i fylket, ikkje ein dag for tidleg!

Frank Sve
1 nestleder i Transport og kommunikasjonskomiteen.
Stortingsrepresentant for FrP

Powered by Labrador CMS