LESERINNLEGG:

Farlig for næringsfylket!
– Rødt og MDG kan fort bli nødvendige støttetparti for AP og ei raud/grøn regjering, der Støre må styre etter diktat frå kommunistane og miljøfanatikarar.
I dei fleste målingar i det siste, er både AP, SV og SP avhengige av støtte frå Rødt og MDG, noko som vil vere ekstremt farlig og skadeleg for eit av landets største næringsfylke.
For ikkje å snakke om SV og Bergstø som ser ut til å gå til kamp mot alle næringsdrivende, kven som skal skape bedrifter, skape verdiar og arbeidsplasser og drive næringslivet verkar å vere totalt blås der i gården.
Rødt og MDG er ikkje akkurat noko "vitamininnsprøyting" for vårt næringsliv heller, med sine vanvittige skattar, avgifter og offentlege inngrep, samt miljø og klimakrav som er absolutt hinsides.
AP forsøker å "snike" seg mot Høgre, vel vitande om at folk flest omtrent ikkje ser forskjell på AP og Høgre, der Høgre berre diltar etter i Stortinget.
Men, veljarane må vere klar over at ei stemme til AP og SP i realiteten er å sleppe kommunistane og miljøfanatikarane inn i varmen, med dei ekstreme konsekvensane dette har i realiteten.
SV ved Bergstø, Rødt og MDG, er medisinen for enda meir offentleg forbruk, sløsing med skattebetalarane sine pengar.
FrP vil prioritere fjerning av formuesskatten som rammar vår lokaleigde næringsliv, og kutte skattar og avgifter som Støre og Stoltenberg har innført.
Grunnrenteskatten for oppdrett til dømes har ramma utstyrsleverandørane her i fylket brutalt, ein skatt som også berre må fjernast raskest råd.
FrP vil la næringslivet og vanlige folk få bruke sine penger, og fjerne Støre og co ut av regjeringskontora raskest råd.