Søyacupen leverte også i år
Laurdag inviterte IL Søya til den tjue femte utgåva av den populære Søyacupen i fotball for unge spelarar i alderen seks til tolv år.
Det var overskya med fin temperatur, og sjølv om det kom nokre regndropar litt ut på ettermiddagen og ei skikkeleg skur rett før slutt, så greidde ikkje vêrgudane å øydelegge fotballgleda for den godt over fire hundre spelarane.
Største enkeltarrangementet
Søyacupen er det største enkeltarrangementet i Surnadal kommune og samla i år bortimot to tusen personar frå klokka ni på morgonen og fram til klokka halv fem på ettermiddagen.
Det var 69 lag som deltok på årets Søyacup, 20 lag mindre enn rekordåret i fjor, som hadde 89 påmeldt lag.
Laga som var med kom frå Elnesvågen og Omegn, Eidsvåg, Rival, Dahle, Frei, Sunndal, Kvass/Ulvungen, arrangørklubben Søya, Surnadal, Bøfjord/Bæverfjord, ØSIL, Halsa/Valsøyfjord, Rindal og Meldal.
– Skulle gjerne hatt med fleire lag i dei eldste klassane, og ikkje minst fleire jentelag, sa Solveig Kvande, som er arrangementsansvarleg for Søyacupen 2026.
– Men vi er sjølvsagt godt nøgd med at så mange lag kjem att år etter år, det betyr at laga trivst og på cupen vår, og det er vi glade og stolte for, la ho til.
Fair-Play prisar med fine premiar
Gjennom cupen er det ein eigen jury som følger med på alle laga i høve til Fair-Play. Her blir det her blir laga vurdert på korleis spelarane, trenarane og foreldra opptrer i høve til kvarandre, til motstandarane og til dommarane.
Dei to vinnarlaga får eit gåvekort kvar på et tusen fem hundre kroner, og i år var det Surnadal J9 og Halsa/Valsøyfjord J9 som stakk av med Fair-Play prisane.
– Her kunne nok alle laga ha vunne prisen, så juryen hadde ei vanskeleg oppgåve med å plukke ut dei to vinnarlaga, men båe er særs verdige vinnarar, sa speaker Leif Magne Andersen.
Mykje fotballglede
Dei 69 laga spela totalt 104 kampar i løpet av laurdagen, så her vart det mange nye positive fotballminner å ta med seg heim for dei godt over fire hundre spelarane.
– Det er kjempeartig å spele cup, var spelarane på Rindal G9 samstemte om.
Søyacupen blir spela på fem fine grasbanar, to ballbingar med gars og ein kunstgrasbane, så baneforholda er av aller beste kvalitet, noko som heilt sikkert er avgjerande for at cupen er såpass populær.
Premie til alle
Alle laga som deltek under Søyacupen får sjølvsagt premie, og kvart lag sine spelarar blir høgtidleg ropa opp på sigerspallen, der foreldre, besteforeldre og andre kan ta bilde av spelarane.
Ikkje berre fotball
Sjølv om det er heilt naturleg at fotballen får mest merksemd ein slik dag, så er det også andre tilbod.
Det var sal av kioskvarer, frukt og grillmat.
– Vi får mykje skryt for at vi kan tilby glutenfrie bakels med graut og frukt, kunne Leif Magne Andersen fortelje.
Elles var det mogleg å vere med å prøve lykka på lykkehjul. Dette var gratis og ein kunne vinne premie, om ein var heldig?
Det var også høve til å få måla ansiktet, noko som såg ut til å vere verkeleg populært og noko mange nytta høvet til å prøve. Også dette var gratis.
Enorm dugnadsinnsats
Søyacupen er IL Søya si største inntektskjelde gjennom året, og utan tvil det arrangementet i klubben som krev mest dugnadsinnsats frå medlemmane.
I år er rundt hundre personar involvert i dugnadsarbeidet, der tretti er med som dommarar gjennom dagen.
Dugnadsgjengen riggar anlegget før cupen, stiller på forskjellege oppgåver under cupen og på rydding etter cupen.
Før årets cup har IL Søya også oppgradert kjøkkenet i klubbhuset sitt, slik at dette er betre ruste til å ta imot alt folket som kjem på cup.
– Utan dugnadsinnsatsen frå dei flinke medlemmane våre, hadde det rett og slett ikkje vore mogleg å arrangere Søyacupen, sa ei takknemleg og nøgd Solveig Kvande.
– Eg vil nytte høvet til å takke alle så mykje for innsatsen, avslutta ho.
Vi kan gratulere IL Søya med nok ein flott gjennomført Søyacup!