Frikk Hauglann Talgø, Tore Næss og Andreas Dalsegg Sæter feirar Næss si 5-2-scoring mot KIL/Hemne.

Viste lovande takter før seriestart

Surnadal sitt A-lag for herrar gav dei om lag 170 frammøtte tilskodarane mykje å juble for då dei onsdag kveld slo KIL/Hemne 6-3 på Syltøran.

Publisert

Webjørn Holten sitt mannskap opna kampen i eit forrykande tempo, og let KIL/Hemne nesten ikkje låne ballen dei første 20 minutta.

Den tidlege dominansen førte til mange fleire store sjansar, og også til to scoringar for heimelaget.

Først då Vegard Gjul kom seg rundt på venstrekanten og slo flott inn til Arnstein Aasbø, som følgde opp med ei knallhard, godt plassert heading til 1-0. Deretter på direkte frispark ved midtbanegeneral Andreas Dalsegg Sæter, som sette i ballen i mål frå 18-19 meter etter at Sander Smevoll vart felt.

Få minutt seinare reduserte bortelaget ut av ingenting, då dei utnytta ein personleg feil i Surnadal-forsvaret.

Etter 2-1-målet jamna kampen seg noko meir ut. Surnadal hadde framleis eit overtak, men klarte ikkje heilt følgje opp storspelet frå innleiinga.

Det var likevel alt anna enn fortent då KIL/Hemne utlikna til 2-2 eit par små minutt før pause. Like før målet hadde Surnadal brent to store sjansar til å auke leiinga si, men i staden stod det plutseleg likt til pause.

Sondre Næss Bolme

Scora fire på 20 minutt

Etter kvilen gjekk Surnadal ut i same gir som ved kampstart, og pressa KIL/Hemne langt bakover på bana. Det gav raskt utteljing, og berre to minutt ut i andre omgang sette Andreas Dalsegg Sæter inn 3-2 på straffe, etter at lynraske Vegard Gjul vart felt.

3-2 vart til 4-2 i det 55. minutt. Då noterte venstrekant Gjul seg for sin tredje assist for dagen, ved å prikke eit hardt og presist hjørnespark på pannebrasken til Vegar Brøske. Surnadal-kapteinen raga høgst av alle, og stanga inn blåtrøyene sitt fjerde mål for dagen.

Surnadal-kaptein Vegar Brøske headar inn 4-2.

Og i denne perioden var Surnadal gode. Etter ein time avgjorde dei i praksis kampen med Tore Næss sitt 5-2-mål. Innbytar Frikk Hauglann Talgø brukte den enorme farta si til å runde KIL/Hemne sin back, og situasjonen enda med fire (!) skotforsøk frå surnadalingar i boksen.

Både Sander Smevoll og Sondre Bolme prøvde å få avgårde avslutningar, men bortelaget lukkast med å blokkere. Det gjorde dei og med det første forsøket frå Næss, men indreløparen plukka deretter opp andreballen og dunka den kontant i krysset.

Sander Smevoll, som var ein av fleire surnadalingar som verkeleg viste seg fram i kampen, ville og vere med på scoringsballet.

Også denne gongen starta det med at Frikk Hauglann Talgø fossa fram på høgresida, og innlegget vart plukka opp av innbytar Sindre Hyldbakk Kvande ute til venstre. Han fann storscorar Smevoll, som på første touch sette ballen til side for KIL/Hemne si målvakt. 6-2 etter 67 minutt.

Berre minuttet etterpå reduserte KIL/Hemne igjen, men sjølv om dei siste 20 minutta bar preg av mange byter og Hawaii-fotball, kom dei aldri nærare.

Sindre Fiske.

Tidvis festfotball

Dermed kunne Webjørn Holten sitt mannskap bokføre ein komfortabel 6-3-seier over 4. divisjonslaget frå Trøndelag.

Det offensive spelet, spesielt dei første 20 minutta i kvar omgang, heldt høg 4. divisjonsstandard - noko seks scora mål og vitnar om.

Defensivt var det noko meir ruskete, med tre baklengs, som alle vel må kunne seiast å komme etter personlege feil og/eller konsentrasjonssvikt.

Alt i alt er det likevel liten tvil om at publikummet på Syltøran kan ha ein fin sesong i vente, dersom laget held fram på dette nivået.

Tore Bæverfjord.

– Vi kunne scora 10-12

Trenar Webjørn Holten var fornøgd med store deler av det Surnadal viste på Syltøran onsdag.

– Vi slepper inn tre mål, det er eg ikkje fornøgd med. Samtidig er det tre mål eg er ganske sikker på vi ikkje hadde sluppe inn i ein seriekamp. Det går på fokus, konsentrasjon og enkle ting, seier han, og fortsett:

– Framover kunne vi scora både 10 og 12, så eg er godt fornøgd offensivt. Vi skapar mykje og har mange gode angrep, spesielt den første timen. Deretter byter vi ihjel kampen litt. Sjølv om dei som kjem inn også spelar bra, blir det naturlegvis litt urytmisk når vi gjer ni byter.

Holten legg til:

– Frikk Hauglann Talgø kjem inn og er brutal å møte for motstandaren, som forventa; han er ikke fornøgd med å sitte på benken, og det tykkjer eg er bra. Samtidig spelar dei godt, dei som spelar den første timen. Dei gjorde ein god figur, så det var ingen som spelte seg ut av laget i dag.

– Fekk du nokon svar før seriestarten mot Eide og omegn neste fredag?

– Ja. Eg treng ikkje fleire svar no, og fekk bekrefta det eg hadde håpa. Eg hadde kanskje venta at det vart ein tettare og jamnare kamp, men det positive er at vi fekk bruka alle utespelarane våre i dag og, seier Holten.

Surnadal stilte med følgjande mannskap (4-3-3, frå høgre mot venstre):

Torstein Snekvik

Håkon Bredesen
Lars Mogstad
Vegar Brøske
Tore Bæverfjord

Sondre Næss Bolme
Andreas Dalsegg Sæter
Tore Næss

Sander Smevoll
Arnstein Aasbø
Vegard Gjul

Innbytarar:

Martin Bolme Fjerstad, Edvard Bolme Fjerstad, Ørjan Nes Haugen, Viljar Fiske Kvande, Geir Bævre, Sindre Hyldbakk Kvande, Frikk Hauglann Talgø, Ingebrigt Løfaldli, Sindre Fiske, Henrik Kvande-Talgø (ubenytta)

Powered by Labrador CMS