Fjellgruppa:

Tur til Amtlihammaren og Bæverfjordsetra

Publisert

I dag kom vi på Amtlihammaren og Bæverfjordsetra! Turen til det forjettede fjell gikk oppover skikkeleg bratte bakka forbi ein kraftstasjon som sikkert held straumprisene nede for utbyggaren.

Bratt sti frå Saga langs Bjøråa

Oppe i dalen fortalde kjentmannen at det heite Helvetet- det er berre 14 dagar sia vi vitja namnebroren i Søyådala. Har nordmøringane spesiell grunn til denne lite kreative namngjevinga?

Men vi forlet staden og steinsprang Bjøråa (vakkert namn, tyder kanskje bæverelva?) før vi kleiv bratta opp til Amtlihammaren . Skikkeleg varmt var det, - er det årsaka til den nemte namngjevinga?

Nok om det; utsikten frå hammaren var storslagen, både beint nedi Bæverdalen og vide omkring til blåe Trollheims- og Eikesdalsfjell. Litt debatt omkring namnet Amtli var det. Kjem det frå den gamle tida da distrikta vart kalla amt?

Utsikt til Langurda, Nordmarka og Trollheimen
Utsikt til fjella mot vest
Mannen i treet
Mot toppen av Amtlihammaren, 523 moh.
Utsikt over fjord og fjell
Eit eldre foto frå ein tur til Amtlihammaren, som stod der like eins 1. sept. 2008.
God kvil etter bratte bakkar
God matpause på Amtlihammaren
Alle 22 kom seg til topps
Utsyn over heile Bæverdalen og langt vidare

Etter ein lang og god rast bar det nedover til Bjøråa igjen, denne gongen lenger inne i dalen ved enden av eit lite vatn der det vaka fisk, før vi svinga botom setrene. Der vart det fortald om ein gluping som forska på rome (planta, ikkje feilskreve rømme!) Han låg der i 4 veker og trivdest godt. Men da ham fikk besøk, klaga han på at komfyren rauk inn så gale. Det viste seg at han tente opp i bakaromnen. Det var vel ikkje omnar han forska på.

Ein fin og blank buskap storfe gjorde sitt for å halda gras og kjerr nede. Er vi siste generasjonen som opplever framkommelege fjelldalar?

Bjøråa flyt stille forbi Bæverfjordsetrene
Nysgjerrige ungnaut kom etter oss
Ein av dei gamle Bæverfjordsetrene
Enda ei vakker brunsvidd Bæverfjordseter
Tuft etter gammalt seterfjøs
Sølvgrå, gammal høyløe

Derifrå var det berre unnabakka nedatt til Saga.

Powered by Labrador CMS