Annonse
Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag:
Møkkelfjelltur
For ei veke sidan hadde berre få i Fjellgruppa høyrt snakk om Møkkelfjellet, og så denne tysdagen var det det som gav mål og meining i all vår ferd.
Det ligg så vakkert til inne i Valsøybotnen, og utsikten var omtala i rosande ordelag av dei som tidlegare hadde teke seg tia til å sjå dit. Men verspåmennene i Yr hadde ingen god dag, for vergudane trekte ned gardina etter som vi nærma oss toppen. Men vi såg no varden. Kanskje vert det ein tur til dit når det blir oppljøst, for stien er god å ga og vandrargjengen som vanleg triveleg å varra i lag med. Da vi skildest, var vi samde om at det hadde vore ein bra dag (som det heitte i stilane). (I ein hardt tiltrengt matpause prøva vi oss på litt etymologi, og kom fram til at "Møkkel" kjem av surndalsk "møklast med", sjølv om vi ikkje såg nokon grunn til å bli sipåt oppi der.)