Lærerik songkveld på bedehuset

Publisert Sist oppdatert

Det passa godt at Anna Sæther opna songkvelden på Eidet bedehus med andakt ut frå visdomsskriftet Salomos ordspråk, for dette vart ein kveld med mykje lærdom.

Anna Sæther leda møtet og heldt andakt.
Bernt Bøe.

Når Bernt Bøe auser av sine kunnskapar om salmar, musikk og historie, så blir ikkje ein tre timars songkveld på bedehuset for lenge. Tenk at det er på Møre kristendomens dåpsattest for Norge finst, nemleg Kulisteinen på Smøla, som Bernt hadde med kopi av. Han tok oss med frå den første kristningstida gjennom gamle dagleguttrykk frå det bibelske språket og kristne symbol som tal og korset i flagget, til ordrim og truslære i salmane, kontakt til Stangvik og Sunndal med våre fremste salmediktarar (Petter Dass) og våre serprega folketonar med lokale variasjonar eksemplisert ved vakker song av julverset og nyttårsverset frå Åsbøen av tradisjonsberar Karen Oddny Gravvold.

Karen Oddny Gravvold song folketonar frå Åsbø'en.

Midt i dette rikhaldige foredraget fekk vi ei flott servering og orientering frå formann i bedehusforeninga, Svein Dalen, om bedehusets tilstand og at kvelden var ein kveld for å støtta vidare vedlikehald og drift. I løpet av vinteren hadde t.d.stormane reve ned pipa, så det trengs vøling av taket. Elles er det ikkje lite av faste utgifter på eit slikt hus. Men huset er ikkje gammelt og det er mykje brukt, det har også vore godt tatt vare på av Ragnhild og Sigbjørn Mikkelsen m.fl, og det var god stemning i den store forsamlinga til å støtta dette verdsatte arbeidet.

Sverre Hatle fortalte om salmen han har skrive i salmeboka.
Svein Volle gleda oss med solosong.

Vi fekk syngja kjente songar saman, og solist Svein Volle inspirerte med fire sterke og varierte salmar.

Kvelden var annonsert som salme- og kulturkveld, og det vart det verkeleg.

Trekning av kveldsutloddinga.
Powered by Labrador CMS