Kva er Svorka-appen?

Møte i Rindal Dataklubb
Rindal Dataklubb møtes i Rindalshuset.

Bli kjent med Svorka-appen

Onsdag 21. mai kl. 12.30 får Rindal Dataklubb besøk av folk frå Svorka som vil fortelle om bruken av ein app (eit program) som du kan installere på telefonen din eller nettbrettet. Med denne appen kan du følge med både på strømbruk og strømpris gjennom dagen. Møt opp på Rindalshuset!

Denne appen krev innlogging av ein abonnent hos Svorka. Du kan gjerne forberede deg i lag med ein abonnent for å laste ned og logge deg inn for å bruke denne appen.

Først må du laste ned Svorka-appen. Søk den opp der du finn apper på telefonen.

Deretter kjem innlogging på Svorka-appen:

Du må skrive inn telefonnummer til den som har namnet på strømabonnementet.

Fødselsdato til abonnenten.

Kode blir sendt til telefonen til abonnenten.

Du skriv inn denne koden i appen på telefonen din.

Innlogginga varer i fleire dagar! Derfor kan du gjere dette heime.

Powered by Labrador CMS