Og kaia er godt eigna også til bryggedans!

Kaifest på Bølandet

Alt slo til da den nyrestaurerte Samvirkekaia vart opna laurdag: Vakkert haustver, stort oppmøte, mat og kaffe, snortalar og endatil bryggedans!

Publisert

Handelsstyrar på Coop Marked-bua, May Iren (Mayse) Dønheim Hovde, skein om kapp med sola. Nykaia styrkjer både butikken og trivselen og borgar godt for Ilabukta som sentrum i Bøfjorden.

Dans på bryggekanten

Gunhild Bøklep Bøe i styret for samvirkelaget leia opningsarrangementet, som nærmast vart ein folkefest. Ho fortalte litt historikk om kaia, før varaordførar Hugo Pedersen fekk æra av å «klippe snora». Nei – «løyse tampen» er vel eit betre uttrykk her på kaikanten, der dampbåtar og frakteskuter har lagt til og frå gjennom 80-90 år.

Her kjem bøfjordingane for å gjenopne kaia si.

Deretter var det ein glad butikk- og kaistyrar Mayse som delte tankar med dei frammøtte. Og ho røpa ein drøm: Dette burde feirast med dans! Og som tenkt, så gjort: Ho fann fram musikk på mobilen, og spontant tok par etter par del i gladdansen – på bryggekanten!

Samvirkestyrar May Iren gledde seg over dagen og baud opp til dans.

Raus spandering

Velsmakande servering for små og store, tykte oldemor Inger Lise Heggem, dotterdotter Kristine og oldebarnet Ingrid.

Alle frammøtte kosa seg med gratis servering utover dagen: Lapskaus (frå storausa på gammelmåten), pølser, kaffe, is og riskrem. Samvirkelaget spanderte raust på sine gjester. (Til gjengjeld vart det viss ein bra handlardag inne på bua og!) Dagens lille konkurranse var også eit populært tiltak på festdagen.

Med rot i folkesjela

Som i gammeltida – når mjølka og passasjerane «tok dampen».

Kaia på Bølandet er ein institusjon med rot i folkesjela. Den var bygd privat av Lars Gravvold (Reiten) og Peder O. Bøe (Søgarden) for bortimot 90 år sia og knytte bygda til omverda fram til Bøbrua kom i 1964. Her reiste folk, her vart mjølka sendt og hit kom varer med dampbåten. Herifrå gjekk skulebåten kvar morgon og kom att til kvelds. Her leika ungane og fiska dassmort. Sjeldan datt dei på sjøen, og aldri skjedde ulykker – sjølv om det var nære på eit par gonger.

Stønad - og stor dugnad

Etter kvart såg styret at kaia trong reparasjon for ikkje å bli stengt. Økonomisk stønad frå Coop Merkur-programmet, Surnadal kommune og Lerøy gjorde ombygginga muleg. Ikkje minst skal vi nemne ein dugnadsinnsats på minst 2000 timar – med styreleiar og pådrivar Inge Dønheim i spissen.

Stein og armering er kjøpt hos Byggern, Surnadal Betong har levert støypen og Betten Maskin har skaffa rimeleg leige av arbeidsmaskiner. Dobbelt treverk og betongdekke borgar for ei sikker kai som vil vare i lang tid framover.

Ikkje rart at dei frammøtte tykte dette var ein flott dag med mykje å glede seg over!

Primus motor Inge Dønheim har all grunn til å sjå tilfreds på den nye kaia medan han ventar på innrykk av bygdefolket.
Varaordførar Hugo Pedersen foretok den offisielle opninga. Her saman med partifelle Gunnhild Vetleseter Bøe.
Powered by Labrador CMS