Bøfjorden sjøbruksmuseum/Bøfjorden historielag:

Menge mennesker som sitter rundt småbord i et rom dekorert med museumsgjenstander på veggene.
Desse og mange til vart takka for stor dugnadsinnsats.

Takk for kulturdugnad

Som takk for mange dugnadstimar inviterte Bøfjorden Historielag gode hjelparar til hyggetreff på museet etter årets sommarseong.

Publisert

Bøfjordsk kleppfisksuppe fall i smak hos lagets gode hjelparar. Tilbakeblikk på sommarens temasøndagar utløyste hyggeleg prat rundt borda.

Ei dame med kort mørkt hår, med forkle, som holder en porselensbolle som ho rører i.
Mayse og kjøkenstaben fekk avsetning på den nydelege kleppfisksuppa.

Mange sommartema

Der var hundre år busshistorie 17. august ein suksess - med sjåførveteran Sigmund Gravvold «i førarsetet». Like høgt scora den dramatiske «Gulltransporten 1940», som Terje Holm friska opp første søndag i juli.

Elles gav lerretet gjensyn med mange tema frå jubileumsåret. Det var turtips og personportrett, jordmødre og slektsforsking, dialekt og språkblomster, drama både i Ishavet og på Halsafjorden og lokale kulturfenomen av alle slag - frå unike boksamlingar til den bortgjømte «Sølvskatten» på Åsskard.

Stor frivillighet

Museumsdagen med 9. klassingane på Subus var også i år eit høgdepunkt. Laget markerte fredsjubileet både 8. og 17. mai. Verdig vinnar av Trollbakkprisen 2025 var Bøfjorden Teaterlag.

Styret i historielaget nytta høvet til å takke for fellesinnsatsen som gjer det muleg å drive museet og kulturarbeidet på rein dugnadsbasis. Programopplegg, kjøkenteneste, motorpass og vedlikehald er utført på beste vis - gratis.

To menn med grptt hår som titter på en stor gammel motor, utendørs på grønt gress.
Mange rosa innsatsen til Sabb-maskinistane Peder Sæther (med fyrlampa) og Anders Vaagland.

Eit raskt reknestykke viste at sia starten i 1995 har laget utført frivillig arbeid verdt over 3 millionar kroner. Og da er ikkje jobben med årbøker og kulturhefte rekna med.

Gåver til museet

Takken omfatta også dei mange gåvene som stadig berikar samlinga ved Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Butikkutstyr, mykje gardsreiskap, ei soldatuniform frå 1940 og andre eignating har kome til i det siste.

Ei dame og en mann, begge smiler, som står bak ei stor gammel butikkvekt på en disk i det som skal ligne en gammeldags dagligvarebutikk.
Buadisken fekk ei gedigen gåve frå Mona og Lars Midtsand: Ei klassisk butikkvekt etter Odd og Borghild Engdal – eit dokument frå landhandelens dagar.
Ei smilende dame med grått hår som sitter ved et bord med ei stor flott gammel kaffekanne foran seg, mens ho holder fram ei bok med svart/hvitt-bilder.
Frå Marta Havdal fekk museet kaffekanna etter «Norges eldste kvinne» i si tid – Guro Grøtan (1849-1955).
Gammelt utstyr for hest og tømmerdrift.
Bogtre og «stremmbjønn» frå Settemsgeilen - donert av Randi Mørk og Alf Engdal.

Kulturprofil dukka opp

Som ei overrasking dukka ein fargerik kulturperson opp på treffet. Toril Martha Ornell Meisingset sin bakgrunn kan ta pusten frå ein og kvar: Journalist i TV, radio og aviser. Utdanna dramaturg, teaterinstruktør og skuespelar. Fotograf med eigne kunstutstillingar. Og - dertil jamen både bryggeriarbeidar og trikkeførar!

Ei dame med kort lyst hår og briller, som står og leser i ei bok. Museumsgjenstander på veggene i bakgrunnen.
Lyrikkdebutant og skuespelar Toril Meisingset i underfundig tolking av sitt eige dikt «Det bobler i byen».

Og nyleg debuterte ho som lyrikar - med boka «Karusell». Frå denne deklamerte ho med dramaturgisk fynd og eleganse «Det bobler i byen». Diktet sette mykje notids dårskap på plass og vart eit flott og tankevekkjande punktum for honnørtreffet etter årets museumssesong i Bøfjorden.

Powered by Labrador CMS