Gudsteneste med barnedåp i Øvre Rindal kapell

Jesus - gjetaren og influensaren
Fekk me nokon sinne leiarar som meir let seg styre av inderleg medkjensle med oss enn sin eigen svolt etter status og makt? Ikkje så vidt eg veit. Måten Jesus er gjetar på, er så totalt ansleis enn det me ventar oss av maktpersonar. Totalt ansleis, på den gode måten, seier Lene prest.
Slik vart det forkynt i Øvre Rindal kapell 4. mai:
Mark 6, 30-44
«Men mange såg at dei drog bort, og kjende dei att, og frå alle byane kom folk springande og nådde fram før dei. Då Jesus steig i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han fekk inderleg medkjensle med dei, for dei var som sauer utan gjetar. Og han gav seg til å undervisa dei om mange ting.
Men då det leid langt på dag, kom læresveinane til han og sa: «Dette er ein aud stad, og dagen lid. Send folket frå deg, så dei kan gå bort i grendene og landsbyane her omkring og kjøpa seg noko å eta.» «De skal gje dei mat!» svara Jesus. Dei sa: «Skal vi gå og kjøpa brød for to hundre denarar, så dei kan få seg mat?»
«Kor mange brød har de?» spurde han. «Gå og sjå etter!» Då dei hadde gjort det, sa dei: «Fem brød og to fiskar.»
Då sa han at dei skulle la alle setja seg saman i matlag i det grøne graset. Og dei slo seg ned, rad på rad – somme på hundre og somme på femti.
Så tok Jesus dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna.
Og han braut brødet og gav det til læresveinane, så dei skulle by rundt til folket. Dei to fiskane delte han òg ut, så alle fekk. Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp det som var att av brøda og fiskane, og det vart tolv fulle korger. Det var fem tusen menn som hadde fått mat.»
Slik lyder det heilage evangeliet.
Hyrden – det er vel nesten utdøyande rase. Dei som vil ha det til at rovdyr er viktigare enn husdyr, ser gjerne at sauebøndane hyrer folk til å gjete i utmarka gjennom heile beitesesongen. Kva bekymrer vel dei seg for kostnaden?

Hyrdar, i form av det som på dårleg norsk blir kalla for influensar, er det derimot meir av enn me faktisk har godt av. Kvifor i alle dager skal me «fylgja» folk som lever av reklameinntektene det ligg i å forklare oss om sminke og fillers, mat og familieliv? Det er berre å vedkjenne folk rett til å fylle tida og oppmerksomheita si med kva dei vil – det var nok folk i Amerika til å gje Trump makta og det er nok folk her til lands til å halde inntekta til eit utall influensarar på eit skyhøgt nivå. Det er folk til alt - .
Sett at me er såkalla fylgjarar. Kva får me att av influensarane våre? Kva gjev dei oss tilbake – slik ut over tidtrøyte, oppleving av at me har for lite og helst skulle ha kjøpt oss meir, at me er for skrukkete, kjensla av at me ikkje strekk til eller er vellukka nok som me er?
Han karen me har avbilda på altartavla vår blir liksom så middelaldersk i forhold. Ikkje har han moterette klede heller, der han ligg på kne ved ein stein og ber den siste natta før korsfestinga.
Han kallar seg for hyrden vår, influensaren vår. Her er det ikkje produkt som blir selt inn for å berike seg sjølv på at me føler oss mislukka. Jesus gjer ikkje anna enn å by på seg sjølv – det er seg sjølv han gjev oss.
Kva er det som driv Jesus? Kvar er motivasjonen for å by på seg sjølv og gje seg sjølv som han gjer?
Under vilja til å gje alt, der ligg det som er unikt for Jesus, der ligg det som skil han ifrå oss: Han lever for andre. Han kjem for å gje oss det livet me ikkje sjølve får til, den frelsa me er nødt til å få og ta imot om me skal kunne tileigne oss den.
Slik som me er født, er me dødelege. Når Jesus bèr med seg vår død opp på korset og ned i grava, blir alt til eit inferno av liv i oppstandelsen.
Den nye fødselen skjer i døypevatnet. Der blir me eitt med Jesus i både død og liv. I den rekkefølga.
Vår utgang frå det gamle livet blir velsigna på same måte som vår inngang til det nye livet blir det. Døypevatnet bringer oss frå død til liv, frå grav til himmel.
Kvifor ser me det ikkje?
Og ikkje minst: Kvifor forstår me det ikkje?
Det KAN vera me har godt av å spekulere på denne Jesu omsorg for oss, slik den framstår for oss som eit uforståeleg mysterium. Det KAN vera det kan vera fint å ha noko til gode, av alt me ein dag skal få sjå og erfare.
Enn så lenge kan me leva og blomstre i dette begripelege me har fått oss forkynt gjennom tekstane me har høyrt:
Jesus har inderleg medkjensle med flokken. Dei er som sauer utan gjetar, seier han.
Og eg spør så gjerne: Når hadde me ein gjetar – les leiar – i vårt samfunn som hadde inderleg medkjensle med oss? Det næraste eg kjem er kongen. Kongen vår – utan sjølvstendig makt, men med desto meir og inderleg medfølelse når det røyner på.
Jesu inderlege medfølelse resulterer i meir mat enn folk klarer å eta. Og folk er det nok av: Fem tusen menn. Kor mange dei så var samanlagt? Kanskje 40.000 eller 50.000? Og endå blir det rikeleg mat til overs: Tolv korger, ei for kvar av Israel sine tolv stammar. Av denne vesle matpakka, av fem brød og to fiskar.
Jesus tek maten. Han ser mot himmelen. Han ber takkebøna. Og han bryt og han deler og deler og deler og deler – og deler med oss. Tenk at det skulle bli nok til oss også, her i dette som er vårt gudshus: Ord som gjev oss trøyst. Ord som gjev oss liv. Ord som gjer oss levande forbi døden.
Me kan gjerne ha Jesus som forbilde. Han som ikkje søkte dette me har så lett for å synast at er svert: Makt og ære, pengar og status. Hans kjelde til livskall var å elske, å gje, å vera den gode hyrden som leier oss på vegane der det er godt for oss å ferdast, på dei vegane der me finn næring for sjela vår, på dei vegane det er fint å få fleire med seg. Og fleire. Og fleire. Fordi livet nær hyrden Jesus gjev oss ei meining som er større enn me forstår – enn så lenge.
Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve. Amen.
