ANNONSE - Surnadal kommune melder:

En utendørs benk.

Utearrangement i mai

Friluftslivets år er godt i gang, og det blir fleire fine utearrangement å velje mellom her i Surnadal den komande tida.

Den 7. mai kl. 17.00-18.30 arrangerer Surnadal IL Barneidrett «Frileik friluft» på leikeplassane i Svartvassområdet. Her er det klatrestativ, sklier, duster, sykkelløype og mykje artigheit for barn i alle aldrar! Det blir «base» og enkelt kiosksal ved pergolaen på den nordlege leikeplassen. Følg arrangøren på Facebook for info om parkering m.m.

Same dagen, 7. mai kl. 18.00, arrangerer Surnadal demensforening og helselag årets Folkehelsemarsj (tidlegare kalla «hjertemarsj»). Turen går da etter elvepromenaden med både start og mål ved Frivilligsentralen på Skei. Folkehelsemarsjen passar for alle, og det er gratis å delta. Arrangøren byr på kaffe og frukt.

Elles er stavganggruppa til Surnadal pensjonistlag no i gang med vårprogrammet sitt og nye turmål kvar torsdag. Her blir det turar for dei som er spreke nok til ein ca. 1 ½ -2 timar lang gåtur utan mykje stigning. Turen blir avslutta med ei triveleg fellesstund med kvar sin matpakke. Turmål og oppmøtestad blir annonserte ca. ei veke i førekant på trollheimsporten.no, todalen.no og på Surnadal pensjonistlag sine facebooksider. Elles finn du terminliste for sommarsesongen her: Ny sesong for stavgangarane – start i Bøfjorden på onsdag. | Todalen.no.

I Todalen er sanitetsforeninga i gang med kløvertursesongen. Turane går på måndagar kl. 11, med unntak av «rauddagar» og ein ferieperiode frå ca. 1. juli – ca. 10. aug. Kløverturane er eit lågterskeltilbod der sosialt samvær er viktig. Dei blir ofte avslutta med prat og kaffe i kaffekroken til Matkroken i Todalen. Oppmøtestad: Matkroken. Meir info om kvar enkelt tur finn du på todalen.no.

 

Powered by Labrador CMS