Ei gruppe turgåere som gå oppover en sti.
Opp mot Høgberget.

Årets første fjellgruppe-tur

Årets første tur gjekk til Høgberget. Heile 25 glade turfolk - derimellom fleire nye, dei er vi glade for - hadde tålt overvintringa godt, og la iveg oppover Øyagardslia.

Publisert Sist oppdatert

God veg og gode stigar, samt kjentfolk, gjorde at vi kom raskt fram til utsikspunktet på Høgberget. Overlag fin utsikt over den breie nerbygda, der våronna stort sett er over. Men vi såg og stor industri og verksemd ellers, på Syltbakken og uti Røta. 

Etter litt mat og drikke fekk vi nye krefter, og fortsett vidare opp over til ei fin mark som no er beite, men som tidlegare sikkert har vore slåttamark. Det er mange stigar og vegar oppi Øyagardslia, så nedatt vart vi førte gjennom eit boligfelt og opp til gapahukane ovanfor Øyaskulen. 

Ein variert og fin tur i ukjent mark for mange av oss.

Neste tirsdag går turen til Flesa og opp på Solemsetra.

Bilde frå turen til Høgberget:

Ei gruppe turgåere, en med hund, som går langs en grusvei.
Opp Øyagardslia.
Ei gruppe turgåere, en med hund, som går langs en grusvei.
Passerer Øyagardsdammen
Ei gruppe turgåere som går oppover en sti.
Tar av til Rassdalen.
Ei gruppe turgåere som går oppover en sti.
Kjem til Rassdalen.
Ei gruppe turgåere som går oppover en sti.
Opp Rassdalen.
Ei gruppe turgåere som står på et utsiktspunkt.
På Høgberget.
Ei gruppe turgåere som går oppover en sti.
Nordover på Elgmyra.
Ei gruppe turgåere som går langs en sti.
Ned til Peslettet.
Ei gruppe turgåere som har stoppa på et åpent beiteområde.
På Peslettet.
Tre turgåere som sitter ved et bord på et utkikkspunkt.
Tilbake på Høgberget.
Turgåere som går langs en sti.
Om Øverhaugen over Øyagardsbekken.
Turgåere ved en tilrettelagt rasteplass i skogen.
Ved gapahukane.
Turgåere som har tatt pause og satt seg på noen trestammer.
Kvil ved gapahukane.
Powered by Labrador CMS