Preken i Rindalkyrkje 17. mai:

Lene Gåsvatn

På og under trona

Publisert

Denne månaden har det vore kruning av dronning og konge i England. Dette er noko av bakteppet for preika i Rindalskyrkja 17.mai. Til ein viss grad har preika ei sosialetisk slagside. Hvis nokon sit på truna, kven sit så under? Og kva så med dei rike, som me trudde skulle ha hendene fulle av sitt, når dei blir sendt tomhendte bort frå Herren mens dei svoltne blir metta med gode gåver?

Evangelium: Luk 1,50-53

Det står skrevet i evangeliet etter Lukas:

Fra slekt til slekt varer Guds miskunn over dem som frykter ham. Han gjorde storverk med sin sterke arm; han spredte dem som bar hovmodstanker i hjertet. Han støtte herskere ned fra tronen og løftet opp de lave. Han mettet de sultne med gode gaver, men sendte de rike tomhendte fra seg.

Slik lyder det hellige evangelium.

Det er ikkje lenge sidan folk som likar å bruke tida på den slags, hadde god utsikt til ei trone.

Det var pomp og prakt i London då Charles vart krona til konge i lag med Camilla som på forunderleg måte hadde stige i gradene frå kjærast til elskerinne til kjering til dronning.

I ein alder av hhv 74 og 75 år kan dei omsider ta fatt på dette som blir kalla livsgjerning. Eg vil tru det på alle måtar er tungt å skulle vera dei utspjåka dronning- og kongekrunene verdig.

I sitt alt for korte liv oppnådde Diana ein posisjon som neppe nokon i det britiske kongehuset kan klare å oppnå, uansett kor mykje PR-rådgjevarane har arbeidd for å glorifisere det nye kongeparet på bekostning av både henne og prins Harry. Det var nok einkvan som hadde råd til å betale - .

Diana var elska. Beundra. Sett opp til. Ho var som statsministar Blair sa det: Folkets prinsesse. Dess styggare ho vart behandla heime, dess høgare vart ho elska både i inn- og utland.

Det fungerte nok også til hennar fordel at ho var like pen som ho var smart, og med eit nydeleg vesen.

Blir folk større av å bli plassert på ein høg stol, kall det gjerne pidestall eller trone? Blir folk større av å få ei konge- eller dronningkrone på hovudet, om enn ho aldri så mykje er pynta med edelsteinar som er plyndra frå dei britiske koloniane? Blir folk lukkelegare av at det blir svidd 1,4 milliardar på ein fest?

Eg håpar det. Eg håpar det verkeleg. At det er verd innsatsen og alle pengane, alt rollespel – all denne staffasjen som vel, eigentleg, når alt kjem til alt, ikkje er godt for nokon ting som helst anna enn oppfrisking av historia, identiteten eller kva ein no skal leggja i det.

Det var ikkje godt å vera Diana. Stakkars jente! Og eg kan like gjerne seia: Det var ikkje godt å vera Maria heller. Ei jente i tenåra som får englebesøk og spørsmål om ho vil bli mor, om det er greit at Gud sår eit frø i magen hennar slik at ho blir gravid og får ein son.

For dette visste dei, nesten 2000 år før ultralyden var oppfunnen.

I staden for å setja seg ned og synast synd på seg sjølv, bryt Maria ut i ein lovsong i pur glede. Ho er lukkeleg gravid og syng sin takkesong til Gud for – ja, kva er det ho takkar Gud for?

Ho takkar Gud for at hans miskunn varer frå slekt til slekt over dei som ottast, eller har respekt for han.

Guds miskunn – er ikkje det noko av det største me har fått her i livet? Miskunn frå Gud, kjærleik frå Gud, velvilje frå Gud – ein Gud som er på vårt lag og vil oss godt?!

Så seier Maria vidare noko om dei som sit på trone – at Gud dytta ned dei store som sat på trone. Utan å gå i detaljar: Dette med kongehus har vel alltid hatt utfordringar med seg – både for folket, for Gud og ikkje minst for kongen sjølv.

Men når Gud har dytta ned dei store ifrå trona si, då er det derimot plass for dei små til å bli løfta opp.

Me KAN sjå på denne trona til dei store som noko anna enn ein gamal og ubekvem eikestol frå middelalderen, sentralt plassert i Westminister abbey. For har ikkje me også ei trone, lever ikkje me også på bekostning av alt for mange som er små?

Me har oljepengar og velferdsstat. Me har dyre vanar og ein eller annan forskrudd idè om at me fortener luksus og ferieturar, lønsauke, hytte og nytt bad. Me har dyre vanar og klarer endå til å lure oss sjølve til å meine at dette er heilt rett og akkurat som fortent.

Har ikkje me også ei trone, lever ikkje me også på bekostning av alt for mange som er små? Er det ikkje slik at 20% av verdas befolkning brukar 80% av naturressursane, rikdomen, dette som eigentleg er felles for oss som bur her?

Og hvis 20% av folk brukar 80% av rikdommen – kven befinn seg ikkje då under vår trone, under våre generøse matbord?

Det er vel dei 80% av verdas befolkning som må klare seg med dei 20% som er att etter at me har teke – og berika oss på – alt som eigentleg ikkje er vårt.

Me har alt, men det er også alt me har. Seier Ole Paus. Og Maria, den unge jenta, har sagt noko av det same før: Han metta dei svoltne med gode gåver, men sendte dei rike tomhendte ifrå seg.

Folk flest her til lands er rike. Me har meir enn me treng. Me eig meir enn me klarer å fylle opp i skåp og skuffer, garasje og naust, hus og frysar – og søppeldunk.

Folk flest her til lands er rike. Difor er det så veldig vondt å falle utanfor, å ikkje kunne vera med på lik linje med andre fordi det ikkje er råd.

Så er det å håpe at Gud klarer ut med å mette alle svoltne med gode gåver – dette kan me veldig gjerne hjelpe til med sjølve.

Offeret i dag går til Redd Barna. Direkte til dei minste, dei mest sårbare, dei det er enklast å krenke. Dessverre er arbeidet nødvendig i ein verden som ikkje er god. Og eg nektar å tru det er synd å be om at visse herskarar må bli dytta ned ifrå trona fortare enn svint, slik at Redd Barna slepp å halde fram med å bygge bomberom på ukrainske skular.

Frå vår mangslungne verden vender me oss til den Gud som har omsorg: Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve.

Powered by Labrador CMS