Løv som spretter. Skog i bakgrunnen.
Illustrasjonsfoto

Oppstart vern av skog i Bøverdalen

Statsforvaltaren i Møre og Romsdalmelder om oppstart av arbeid med frivillig vern av skog i Bøverdalen i Surnadal kommune. Dette skriv Statsforvaltaren på sin nettside tysdag.

Tilbodet om vern kjem frå grunneigarane etter ordninga for frivillig skogvern. Området har eit areal på ca. 1.730 daa.

Det er ønskjeleg å få fram mest mogeleg kunnskap og informasjon om bruken av området, samt kulturverdiar og anna som kan vere aktuelt å ta omsyn til ved utarbeiding av eit endeleg verneplanframlegg.

Hovudformålet med vern er å sikre biologisk verdfulle skogsområde som ein del av naturarven. Vern som naturreservat inneber den strengaste verneforma etter naturmangfaldlova, og konsekvensen er eit forbod mot alle tiltak som kan endre naturmiljøet.

Dei naturfaglege data viser at områda har kvalitetar for vern som naturreservat. Her er registrert ei bekkekløft med spesiell vegetasjon, beiteskog og flomskogsmark, alt av høg kvalitet. Det er ein føresetnad for vern at det vert inngått avtale om erstatning.

Etter denne innspelsfasen vil det bli laga eit verneframlegg med verneforskrift og tilhøyrande vernekart. Dette blir sendt på høyring med ein frist på om lag 2 månader. 

Fristen for å kome med merknader/innspel til oppstartsmeldinga er 23.05.2024.

Les heile saka på Statsforvaltaren i Møre og Romsdal si heimeside.

Powered by Labrador CMS