LESARINNLEGG

Jenny Klinge

Regjeringa sentraliserer igjen

Publisert Sist oppdatert

Rett før jul tvinga regjeringa gjennom ei sentralisering av domstolar. No vil regjeringa omorganisere kriminalomsorga. Det er trist at regjeringa forvekslar det å sentralisere og omorganisere med å ha handlekraft.

Det kriminalomsorga sjølv ber om, er meir ressursar til å tilby eit godt innhald i soninga og betre rehabilitering for dei innsette. Det regjeringa svarer med, er at dei vil leggje ned dagens fem regionar og ha tolv såkalla «lokale» straffegjennomføringseiningar.

Kriminalomsorgsdirektoraret skal framleis vera nivået på toppen, men regionleddet skal bort. Desse tolv straffegjennomføringseiningane skal vera det lokale leddet med leiarar som skal ha ansvar for fleire fengsel og friomsorgskontor kvar. Dette skal altså koma i staden for lokal leiing på fengsla og i friomsorga.

Auka avstandar mellom dei tilsette og innsette og dei som avgjer sakene er negativt. Vi i Senterpartiet ønskjer at fengsla og friomsorgskontora framleis skal bli rekna som lokale ledd og ha stadleg leiing. Vi meiner dette er best for å ha god kvalitet i straffegjennomføringa òg.

Her i Møre og Romsdal vektlegg fylkesordførar Torve overfor justiskomiteen at Møre og Romsdal må få si eiga straffegjennomføringseining dersom den planlagte omorganiseringa blir vedteken. Altså ikkje bli slått saman med Trøndelag, slik planen er. Eg støttar dette, men eg meiner det primære ønsket frå fylket tydeleg bør vera å unngå den planlagte omorganiseringa.

Det skal også opprettast to einingar for fellestenester dersom regjeringa får det som ho vil. Frå andre etatar veit vi at ei slik samling av fellestenester ikkje nødvendigvis fører til mindre pengebruk og mindre administrasjon, heller tvert om.

Førebels er det ikkje snakk om fysisk samanslåing av fengsel og friomsorgskontor, men med sentraliseringsviljen til dagens regjering i mente, kan ein ha grunn til å frykte at dette vil vera neste steg. Eventuelt også privatisering i kriminalomsorga.

Eg meiner også at det er grunn til å frykte at Kriminalomsorgsdirektoratet med denne omorganiseringa av etaten kjem til å ese ut slik Politidirektoratet har gjort dei seinare åra. Men vi treng ikkje fleire tilsette i administrasjon og styring, vi treng å behalde lokale fengselsleiarar og få fleire tilsette i førstelina som arbeider med dei domfelte. Her i fylket treng vi å styrke friomsorga, satse vidare på Hustad fengsel og få på plass eit nytt soningssenter på Sunnmøre.

Møre og Romsdal er av dei fylka som har færrast statlege arbeidsplassar i forhold til folketalet. Det viktigaste i denne saka er forholda i kriminalomsorga i seg sjølv, men ein viktig tilleggsdimensjon er nettopp statlege arbeidsplassar. Det er viktig å sørgje for å behalde og få fleire slike arbeidsplassar til Møre og Romsdal. Såleis er det viktig at Møre og Romsdal blir ei eiga straffegjennomføringseining dersom strukturen blir endra. Men det viktigaste først er å kjempe for å behalde dagens struktur.

Jenny Klinge
Justispolitisk talsperson, Senterpartiet

Powered by Labrador CMS