INC./Cafè Somti

tre damer bak cafe-disk
Hedda, Live og Bente kunne fortelje at vi kan sjå fram til fleire arrangementer i butikken framover.

Mat og mote i skjønn harmoni

Laurdag inviterte INC. og Cafè Somti til ein shoppingtur utanom det vanlege.

Publisert Sist oppdatert

Det var folksamt og god stemning i Fiskegården da vi tok turen til INC. og Cafè Somti sitt arrangement Mat og mote

Cafè Somti opna i klesbutikken sine lokaler i mars og har blitt ein populær serveringsstad i Surnadal. Menyen er satt saman av kokk Live Krangnes Edvartsen, som er dotter av dagleg leiar i INC. Bente Krangnes Edvartsen.

Denne laurdagen fekk kundane både mannekengoppvising med haustnyheiter frå butikken og ein utvida meny i cafèen.

dame smiler og viser fram klær
Blidspente mannekenger viste fram haustens nyheiter for kundane.
dame i klesbutikk

Hedda og Live var på plass i cafèen og kunne by på både god service og nydeleg mat. For anledninga hadde Live koka graut av rømme frå Todalen Meieri. Den blei servert saman med heimelaga potetsalat og salami frå Gårdsslakteriet Sylte.

to fat med rømmegrøt med spekemat til.
Høg kvalitet: Kundane kunne kjøpe heimelaga rømmegraut med mykje godt tilbehør.
to mennesker med blå t-skjorte bak liten disk med todalen meieri-produkter
Rømmegrauten var laga med rømme frå Todalen Meieri. Anders og Olaug var på plass og kunne by på smaksprøvar på ferskost og yoghurt.

Bente kunne fortelje at vi kan sjå fram til fleire arrangement framover, moglegvis i samarbeid med ein av dei andre lokale leverandørane. Ein av planane er å få til eit julearrangement i samband med opninga av julebutikken. 

– Kanskje til og med julegrantenning, lo damene bak disken.

Bente fortalde òg at gjengen i Gårdsslakteriet Sylte allereie er klare for ein ny vår, og ser fram til å få fram grillane til eit arrangement i samarbeid med cafèen. 

dame med to glass saft
Hedda serverer Ålvundfjordsaft i cafèen.
mat og saft
Lokale råvarer: heimelaga potetsalat og salami frå Gårdsslakteriet Sylte.

Med andre ord er det mykje å sjå fram til. Cafè Somti stenger for ein periode i september for å evaluere og planlegge vegen vidare.
INC. er opent som vanleg, og cafèen opnar igjen 2. oktober.

Powered by Labrador CMS