Folla bru-kontrakten lyst ut

Møre og Romsdal fylkeskommune har lyst ut kontrakten på utskifting av landkar og bruplate på Folla bru på fv. 65 i Surnadal. Fristen for å levere tilbod er 24. juni. Dette skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding mandag.

Publisert

Fylkeskommunen har fått 20 mill. kr i statleg støtte for å gjere utbetringar slik at brua skal tole tømmertransport med totalvekt 60 tonn.

I september og oktober skal entreprenøren bygge midlertidig veg og bru på oppsida dagens bru. Når den midlertidige vegen er klar til bruk blir bruplata, bjelkane og landkara på dagens bru rive. Pilaren som står i elva blir brukt vidare, men forsterka.

Frå oktober til mai neste år blir det støypt nye landkar og montert nye bjelkar før nytt brudekke blir støypt på plassen. Når det er gjort skal det leggast membran på brua før det blir lagt asfalt og montert rekkverk.

- Den midlertidige brua toler same vekt og lengder som dagens bru, men er smalare. Det blir lysregulering i heile prosjektperioden fordi trafikken berre kan gå ei retning om gongen, seier byggeleiar Lasse Neslein i Møre og Romsdal fylkeskommune.