Gudsteneste i Åsskard:

To damer holder en plakat mellom seg
Eva Jorid Svendsen (t.v.) og Aashild Settemsdal i soknerådet inviterer til første gudstenesta i jubieumsåret. Grafikar Terje Holm har laga denne logoen, som vil dukke opp ofte i året som kjem.

Jubileumsåret startar

Åsskard kyrkje er 150 år i 2026. Det blir markert på mange måtar i tida som kjem. Ein mjuk start er gudstenesta søndag 11. januar.

Publisert

Soknerådet har oppnemnt jubileumskomite der fleire lag i bygda deltek. Mykje song og musikk står på årsplanen, allsong- og temakveldar, gudstenester, basar og konsertar.

Gjenskape og nyskape

Kyrkjebåtroing, litt teater og temakveldar vil både gjenskape og nyskape noko av alt kyrkja har betydd og betyr for folket. Boka «Kyrkja i Åsskard» kjem i ny utygåve.

Kyrkjekalender utsendt

Vårens kyrkjekalender er utsendt i desse dagar og gir oversikt over akitiviteter for små og store dei komande vekene – også utanom sjølve jubileet.

Startar med gudsteneste

Starten skjer altså med gudstenesta komande søndag. Der gjer prost Vidar Rygh og organist Amund Valde teneste saman med unge og vaksne frå kyrkjelyden. Preiketema er Jesu dåp, takkofferet går til Normisjon, og det er både nattverd og kyrkjekaffe.

Prost Vidar Wilhelmsen Rygh leier gudstenesta.
Organist er Amund Valde.

ANNONSE:

Powered by Labrador CMS