Soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen (t.v.) takkar Jane og Åsskard Helselag for dei nyttige gåvene

Fin gåve til kyrkja

Åsskard Helselag har alltid vore ein gåvmild institusjon. Til jul kom laget med ein kjærkomen presang til kyrkja si

Publisert Sist oppdatert

Åsskard har ei av dei få kyrkjene med eige lokale for servering og sosiale samver. Møterommet «Kyrkjestua», som snikkaren Magnus Aasgaard bygde etter ønske frå sokneprest Ingvaldstad i 1960, er eit unikt lokale for møte, undervisning og ikkje minst kyrkjekaffe etter alle arrangement.

Juleønske oppfylt

Og med tanke på servering er rommet etter kvart utstyrt med benk og kjøkenutstyr. Nyaste behov var steikeomn med tanke på varm mat – for eksempel når skrubbsvoltne konfirmantar møter til undervisning.

Nettopp dette visste Åsskard Helselag råd for. Som julegåve dukka det plutseleg opp ein flott omn – forutan kasserolle, visp og ause til bruk når det trengst!

På siste soknerådsmøtet vart helselagets leiar Jane Svensli beden om å bringe ein stor kyrkjeleg takk tilbake til dei andre i styret.

Diakoni i 110 år

Jane kunne fortelje at Åsskard Helselag fyller 110 år no i 2024. Det vart stifta i 1914 som «Åsgårds Sykepleieforening» og arbeidde med viktige helsetiltak i soknet. Dei lønna sjukepleiar med 300-400 kr i årslønn, mot at klientane betalte 75 øre i pleiepengar for døgnet.

Etter kvart tok det offentlege ansvar for helsearbeidet. Men laget heldt fram – med grendahjelp, økonomiske bidrag til sjukeheim, legesenter, barnehagar – og kyrkje. Basarane har skaffa midlar. Turtilbod og i si tid skulefrukost var populære tiltak.

30.000 til gapahuk

Kontakten med skulen er stadig god – mykje leikeutstyr og sågar ein gapahuk til 30.000 kroner er i seinare tid skaffa av Åsskard Helselag.

Den populære «Hyggekroken» med treff annakvar veke er no organisert utanom helselaget, men vidarefører eit trivselsskapande omsorgstiltak (les: diakoni) med stor oppslutning.

Leiar i Åsskard sokneråd, Eva Jorid Svendsen, tok imot julegåva (biletet) og takka på vegner av kyrkjefolket, som vil bruke omnen flittig og ha stor glede av den i åra framover.

Powered by Labrador CMS