Nyrektor Hilde Andersen på plass ved Surnadal vidaregåande skole:

Hilde Andersen er ny rektor ved Surnadal vidaregåande skole, og hadde sin første arbeidsdag måndag.

– Kjempegodt å vere i gang

Hilde Andersen hadde måndag sin første dag som ny rektor ved Surnadal vidaregaånde skole. Sunndalingen, som har sterke band til Surnadal frå før, fortel at jobben var ei moglegheit ho ikkje ville gå glipp av.

Publisert Sist oppdatert

Like før jul vart det klart at Hilde Andersen frå Sunndal skulle ta over rektorjobben ved Surnadal VGS etter Mons Otnes, som vart ny kommunedirektør i Rindal.

Etter oppseiingstid på tre månader, er nyrektoren no på plass.

– Det har vore ein lang prosess frå eg fekk rektorjobben rett før jul, så det å endeleg få starte har vore godt. Ein vert litt utolmodig når det nærmar seg, seier ho.

Andersen kjem frå stillinga som skulefagleg rådgjevar i Sunndal kommune, der ho har jobba ut mot skulane, med delegerte skulesjef-oppgåver, fagleg rettleiing og liknande. I tillegg har ho dei siste tre-fire åra vore frikjøpt 50 prosent av Nettverk Nordmøre.

Der ho har vore nestleiar, og vore med på å koordinert samarbeid mellom åtte kommunar på Nordmøre.

Nyrektoren fortel om ein variert kvardag, og kjekke år i begge dei to jobbane.

– Men så er det slik at ein ikkje kan bestille når stillingsutlysingar skal komme, ein må berre gripe dei når dei kjem, seier ho, og smiler.

Sakna å jobbe på skule

For sjølv om Andersen med jobbskiftet har måtta legge frå seg ting ho fortel ho ikkje hadde så lyst til å sleppe, følte ho at moglegheita til å få lov til å vere rektor ved Surnadal VGS var for god til å la passere.

– Det har vore mange gode kollegaer og mykje bra fagleg arbeid, både lokalt i Sunndal og inn mot det regionale samarbeidet. Samtidig hadde eg så lyst til å verte rektor ved Surnadal vidaregåande skole, at det vart viktigare for meg enn å stå i det eg gjorde, seier ho.

Grunnane til det er fleire, seier 44-åringen, men den viktigaste var at ho sakna å vere på skule.

– Eg har sakna å vere i det pulserande skulelivet. Sjølv om eg har trivst godt med arbeidsoppgåvene er har hatt fram til no og, har eg sakna å vere tett på praksisen og å ha nærare kontakt med elevar. Å kome tilbake til den biten - å vere der det skjer, og å få utvikle praksisen, saman med lærarane, var ein viktig dra-faktor for meg.

Andersen har fem års erfaring som rektor ved Sunndal ungdomsskule, der ho og har vore både elev, lærar og inspektør. Ho har og har vore innom vidaregåande opplæring, ved Sunndal vidaregåande skule, som vikar for mange år sidan. Det at ho har meir erfaring frå ungdomsskule enn vidaregåande, gjer at Hilde går inn i den nye jobben med stor audmjukheit, fortel ho.

– Ja, det er med audmjukheit eg går inn i eit fagområde eg nesten ikkje har vore borti før, men ein gong må bli den første. Og sjølv om eg sjølvsagt skal ha oversikt over det som skjer, er mi oppgåve å vere leiar, seier ho. Eg skal ikkje ha førstehands- og djubdekunnskapen om alt, seier ho, og deler ut ros til dei tilsette:

– Eg skal sette meg inn i dei ulike områda, men eg føler meg trygg på at det skal gå godt, sjølv om eg ikkje kan alt – for her er det veldig mange dyktige folk.

Hilde Andersen fortel at ho har sakna å jobbe på skule, og at ho trur på ein inkluderande leiarstil.

Trur på samarbeid og inkludering

Det har Andersen merka seg, etter tre-fire besøk ved skulen sidan ho fekk jobben for om lag tre månader sidan.

– Eg fekk helsa på nesten alle tilsette før eg starta, og fekk samarbeidd litt med Mons Otnes om overgangen.

I tillegg hadde rektoren frå Sunndal møter med både assisterande rektor Kristin Holten og fagleiarane Jens Nervik og Ole Bjørn Grytbakk før ho starta i jobben.

– Vi har dyktige tilsette og eit dyktig leiarteam, så eg slepp å kjenne på at eg skal dra dette åleine. Det er mange godt innarbeidde rutinar her, seier Andersen.

– Korleis er du som leiar?

– Eg håpar eg er ein inkluderande leiar, det er i alle fall det eg prøvar å vere, ved å leie gjennom samarbeid. Det betyr ikkje at det ikkje er eg som er øvste leiar når det skjer noko - eg er den formelle leiaren, og må ta viktige avgjerder, men eg har veldig tru på eit tett samarbeid i leiargruppa.

Andersen nemner det som på fint heiter distribuert leiing.

– Det handlar om at ein fordeler litt arbeidsoppgåver og jobbar meir i team, med ein som samlar trådane. Det er den leiarstilen som er mitt ideal, seier ho.

– Var i Surnadal i alle feriar

Sjølv om Hilde Andersen er sunndaling, er det langt i frå tilfeldig at ho har søkt seg jobb i Surnadal.

Faren hennar er nemleg surnadaling.

– Familien hans var busett rett utanfor Surnadalsøra, utpå Sjøasæther. Bestemora mi, Gjertrud Andersen, kjem frå eit steinkast utanfor kaia der.

Hilde fortel at besteforeldra flytta inn i blokkleilegheit i Sunndal då bestefaren, som kjem frå Stangvika, fekk seg jobb ved Årdal og Sunndal Verk (ÅSV). ÅSV vart i 1986 slått saman med Hydro sin aluminiumsdivisjon til Hydro Aluminium.

– Dei hadde framleis huset i Surnadal, og det vart fritidsbustad og ferieplass. Så eg var der i alle feriar då eg var lita, og utover ungdomsåra, seier nyrektoren, og fortel at det var ein av hovudgrunnane til at ho ville jobbe i Surnadal.

– Vidare har eg gjennom nettverk Nordmøre samarbeidd tett med alle åtte kommunane på Nordmøre, men kanskje spesielt med Sunndal og Surnadal. Eg, som nestleiar og Astrid Mogstad Høivik, som leiar, har hatt eit veldig tett samarbeid. I periodar, spesielt før koronaen, var eg i Surnadal kvar veke, seier Andersen.

– «Gaue» folk i Surnadal

Ho fortel vidare:

– Eg tykkjer det er så «gaue» folk, for å ta det på surndalsk. Og det er ikkje noko til forkleinelse for sunndalingane, altså - eg trivst godt heime, og det var eit vanskeleg val å «flytte» heimanfrå.

– Men det er så raust i Surnadal, og så kjekt å komme hit, så kulturen og folket motiverte meg til å søke jobben. Eg kjente på at det var rom for å komme til Surnadal; på det at det var lov for ein sunndaling, smiler Hilde, og legg til:

– Eg vart motivert til å jobbe i Surnadal både på grunn av familietilknytinga mi hit, og gjennom samarbeidet med Nettverk Nordmøre. Eg hadde rett og slett lyst til å fortsette i Surnadal, for eg trivst veldig godt her.

Powered by Labrador CMS