Nordmøre mållag:
        Du mitt Nordmøre 2025
Det er jubileumsår for Du mitt Nordmøre i 2025. Den første utgåva kom ut i 1966, med Erling Skjølberg i spissen for ei gruppe eldsjeler.
Det som i starten var eit hefte på 56 sider, har vist seg livskraftig og med åra vorte til ei heil bok som finst i mange hyller rundt om på Nordmøre.
Kjenneteikn
Boka gir rom for både gammalt og nytt, sakprosa og dikting, og er det einaste årvisse organet for nynorsk skriftspråk på Nordmøre, skriv skriftstyret i ei pressemelding. No som før er innhaldet svært variert, med tema knytt til kultur, historie og språk, livsskildringar, natur og næringsliv. Alle som kjenner tilhøyrsle til Nordmøre er velkomne til å bidra, og Nordmøre Mållag har stått som utgjevar sidan starten.
I jubileumsutgåva står det meir om Du mitt Nordmøre, både om innhaldet i den første utgåva og i helsingar til 60-åringen om kva boka har betydd.
To sentrale tema i år
I tillegg til jubileet har boka to tyngdepunkt når det gjeld tema. 80-årsmarkeringa for slutten av 2. verdskrigen er det eine. Tre tankevekkande tekstar handlar på ulikt vis om korleis krigen greip inn i livet til unge menneske.
Naturarven er også sentral. Ein interessant artikkel handlar om korleis silda nesten vart utrydda utanfor Mørekysten, ein annan om eit spennande tiltak for å berge bestanden av vipe i Surnadal. Frå Sunndal kjem eit aktuelt bidrag om vassdragsvern før og no, og frå Tingvoll ein artikkel om ein uønska planteart som er i ferd med å spreie seg.
Lokale namn
Tor Erik Jenstad, språkkjendis langt utanfor Nordmøre sine grenser, skriv denne gongen om spesielle gardsnamn. Boka har også eit omfattande intervju med Gerd Stolsmo, sunndalsjente med ein livslang innsats for jentefotballen og mor til ikkje ukjente Ada og Andrine Hegerberg. Vegen fram til eigen fotballkarriere og seinare stjernestatus for døtrene er ei fascinerande historie i boka av i år.
Kryssar vi fjorden til Surnadal, går vegen til Svinvik gard og ein reportasje om mateventyret til Tore og Kristina Svinvik, som driv restaurant i fjøset på heimgarden på det sjuande året.
Tiltak manglar heller ikkje dei som står bak Norsk næverfestival i Valsøyfjorden, Åsmund Godal Tunheim og Endre Aasen. Desse to deler eit brennande engasjement for bjørkenever! Dei står som forfattarar av den sprelske og underhaldande soga om korleis festivalen har vakse fram og kva som er drivkrafta bak.
Bøfjorden og Bæverfjord skule er også eit namn å nemne. Med stor og kreativ innsats har elevar ved skulen skrive tekstar for å hindre nedlegging av skulen sin.
Allnordmørsk
Boka løftar også fram nordmørsk felleseige i kultur og tradisjon. Da er det naturleg at nordmørsarkitekten Nils Fiske har fått ein framståande plass. Eit av måleria hans pryder framsida, og i tillegg er det reportasjar både om kunsten hans og om arbeidet med å bevare den tradisjonsrike nordmørslåna.
Komponisten og kristiansundaren Edvard Fliflet Bræin fortener sjølvsagt omtalen som eit felleseige, og ikkje berre for nordmøringar!
Grauttradisjonen høyrer også i stor grad med til det allnordmørske. Sengjamat-skikken blir granska, og like eins grauten sin plass i folkeleg song og musikk.
Skriftstyret på fire som står bak Du mitt Nordmøre i 2025 er Anne Marit Strøm, Unni Kjelleberg Solli, Norunn Holten og Astrid Sæter (leiar). Styret understrekar at boka har langt meir av godt stoff å by på enn det som er omtalt her.