NM i taekwon do

Ein glad gjeng klar for bankett.

Ein god første dag for tkd-klubben i Stavanger

-samhald, idrettsglede og gode resultat

Publisert Sist oppdatert

Denne helga blir det arrangert noregsmeisterskap og landsmeisterskap i takwon-do i Stavanger. Dei med svart belte deltek i noregsmeisterskap, og dei med raudt deltek i landsmeisterskap. Frå surnadalasklubben stiller ni utøvarar. tre coachar, nokre mødre og støttespelarar. Her møtest folk frå heile landet, og det er stor gjensynsglede blandt ungdom og vaksne. Arrangementet er velsmurt med 718 deltakarar frå 57 ulike klubbar frå heile landet. 

Det var høgtidleg da alle 718 deltakarane stilte opp klubbvis etter innmarsj på den ofisielle opninga.

Laurdag starta med konkurransar i mønster og high kick, og sparringskonkurransane for seniorar vart gjennomført på ettermiddagen. Og som spådd, vart det ikkje utan medaljar til surnadalsklubben.

Heidi Fiske konkurrerte mot landslagsvenninner og fekk med seg ei bronsjemedalje i klassen eldre junior.
Aurora Dønheim Berle fekk sølvmedalje i high kick, noko ho aldeles ikkje hadde forventa.
Aurora, som deltek som senior, vart også noregsmeister i sparring.
Aurora får gode råd frå coach Anders Bolme under sparringskonkurransen.
Ulrik Akrim henta med seg ei bronsjemedalje i mønster i klassen yngre junior, og gler seg på sparring på søndag.
Med høge spark fekk Daniel Mørck Paradina bronsje i spe.stek/high kick.

I tillegg til desse medaljane fekk Lisa Victoria Lorentzen og Ada Øydvin Mæhre sølv og bronsje i mønster senior dame, raudt belte. 

Tilsaman vart det 7 medaljar til klubben laurdag, og vi har trua på påfyll på søndag. Uansett er dette eit meisterskap med mykje lærdom og opplevingar. 

Mykje spenning og god stemning på tribuna.
Kjell Gunnar Polden, hadde vore dommar heile dagen, og tykte det var stas å få samla gjengen til bankett laurdagskvelden
Powered by Labrador CMS