Etterlyser kunst av Randi Hatle

Den 23. oktober vil Sverre Hatle, i samarbeid med Surnadal kunsforening arrangere minneutstilling etter kona Randi. Randi, som gjekk bort i fjor haust, var ein utøvar med både bilete, brukstkunst og poesi på repertoaret.

Publisert Sist oppdatert

-Randi var kunstnar, brukstkunstnar, ordkunstnar og livskunstnar, seier Sverre Hatle. Ho heldt på det meste av livet, men var for beskjeden til sjølv å kalle seg kunstnar.

Randi og Sverre møttest på lærarskulen, og var først gode vener. Det skulle gå nokre år før dei gifta seg. Etter å ha budd både i Finnmark og i Gudbrandsdalen, flytta dei til Surnadal, Randi si heimbygd, i 1980 .

Randi var odelsjente på Gulla, men tok seg lærarutdanning, noko foreldra godtok. Etter kvart var det likevel så dei tok over garden. Men Randi vart snart sjuk, og den tøffe behandlinga av kreftsjukdommen skulle prege helsa hennar resten av livet. Om kroppen ikkje heilt ville spele på lag, var Randi nysgjerrig og kreativ, og ville stadig prøve nye ting.

-Det skulle til og med lagast ull av brennesle, minnes ektemannen med eit smil. Ho ville prøve alt, men det vart som regel med den eine gongen.

Mangfaldet tok ho med seg inn i kunsten, og ho arbeidde i ulike sjangrar. Randi var utdanna formingslærer, og gjekk uttallige målarkurs. Ho var med i kunstforeininga sidan starten i 1981, og var med i ein fast målarklubb, som sprang ut frå foreinga.

Plana var at kunstforeininga skulle ha medlemsutstilling med Randi Hatle som hovudutstillar i fjor haust, men slik vart det ikkje.

-Det gjekk seks veker frå Randi fekk diagnosa til ho gjekk bort, seier Sverre. Det var krefta som hadde henta ho inn att, 45 år etter at ho sto av den første krefsjukdommen.

-Randi både gledde og grudde seg til utstillinga. Verken helse eller mot strak til, men eg ville ikkje ta frå henne håpet om at det skulle bli, sier ektemannen i dag.

Då ho nærma seg slutten, vart ho sjølv klar over at det ikke vart noko utstilling.

-Ja, ja, det får vel berre våge seg at det vart ei plan til overs, sa ho då. Randi hadde gjennomført mange planer i livet, med denne vart att. Ho såg ho var komen til vegs ende.

Skal vise omfanget

-Vi er veldig glad for å få til denne utstillinga, seier Anne Marie Rogsnskog i styret for Surnadal Kunstforening. Då det gjekk slik det gjorde i fjor, bestemte vi oss snart for å tilby Sverre ei separat minneutstilling. Det er heilt sikkert at det er mange verk av Randi Hatle kring i bygdene, desse skulle vi gjerne ha lånt.

Då Sverre Hatle starta jobben med å ringe rundt til folk han visste åtte verk av Randi, var det ei som gav han tipset om å gå ut i Trollheimsporten. Det eksisterer ikke noko oversikt over kor mange verk ho produserte eller kvar dei har enda opp.

-Dei som har noko som Randi har laga, kan kontakte meg direkte, seier Sverre Hatle. Det blir snakk om å låne dei ein 14 dagars tid.

Det er Sverre som skal velge ut verk og sette saman utstillinga. Eit stikkord er breidde. Det vil ikkje bli ei rein bileteutstilling, men den er meint å skulle spegle omfanget av det det Randi arbeidde med.

Sjølv om Randi var skolert og kursa i kunst og kunsthandtverk, ville ho alltid gjere ting på sin eigen måte, fortel mannen. Dette viser seg i diktet På min eigen måte. Randi og Sverre Hatle gav ut bok saman i 2011, den gongen gjenom Heimbygdslaget. Den vart trykt i 300 eksemplar og er utseld for lengst. No er ei ny bok i kjømda. Den inneheld òg dikt og bilete av Randi sin kunst. Hatle påpeikar at det blir andre verk å finne i denne boka enn i den som kom for 10 år sidan.

Utstillinga med Randi Hatle sine verk blir ein del av Surnadal Kunstforening sitt 40-års jubileum. Den 27. november opnar foreininga nok ei utstilling. Denne gongen medlemsutstilling med Jon Arne Mogstad som kurator.

Powered by Labrador CMS