Surnadal kommune melder:

Kommunevåpenet og teksta 'Surnadal kommune'

Plan for idrett og fysisk aktivitet 2023–2026

Surnadal kommune legg ut «Plan for idrett og fysisk aktivitet 2023–2026» til høyring.

Høyringsfristen er sett til 3. november.

Planen vil så bli behandla i kommunestyret 23. november.

«Plan for idrett og fysisk aktivitet 2023–2026» kan vera av spesiell interesse for grupper, lag og organisasjonar som driv med, eller har interesse av, fysisk fostring på ulikt vis – som t.d. idrettslag.

Det same kan gjelde for dei som har eller planlegg nærmiljøanlegg og leikeplassar – og dei som eig forsamlingshus.

Det er t.d. avgjerande å kome med i planen om ein har tankar om større rehabiliteringsprosjekt eller nybygg der ein ser for seg å søkje om offentleg støtte – som spelemidlar – i denne perioden.

Ev. uttale til planen skal sendast til post@surnadal.kommune.no eller til Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal – og da altså seinast 3. november.

Lenke til planen: https://www.surnadal.kommune.no/_f/p1/i85e2588f-e002-478e-9ce1-f5a76cab9e66/plan-for-idrettt-og-fysisk-aktivitet-2023-2026-hoyringsdokument-formannskapet-sitt-utkast.pdf

Powered by Labrador CMS