ANNONSE:

Portrettbilde av ei dame og ei bok.
Gunn Marit Nisja

Gunn Marit Nisja med «Gullungen»

Sunndalingen kom med sin sjette roman før jul og vil presentere innhaldet i denne på Surnadal bibliotek tysdag 30. januar kl. 19.30.

 «Gullungen» er, etter kva ho sjølv seier, «ein roman om søskenkjærleik, tjuvfiske og utanforskap i den vesle bygda Grodal», og krydrar historia med mykje materiale henta frå eigen oppvekst på Nordmøre.

Gunn Marit vil fortelje om arbeidet med boka, kva som inspirerte ho, lese frå «Gullungen» og ta opp tema frå boka. Som korleis barna skal beskyttast (mot kvarandre), der vaksne ikkje er til stades og lagar reglane.

Gunn Marit Nisja debuterte med «Naken i hijab» i 2011 – ei bok som både var nominert til Bokhandlarprisen og selde veldig bra. Ho har opparbeidd seg ein solid lesarskare, og alle desse – og fleire med – håpar ein møter på biblioteket denne tysdagskvelden.

ARK Surnadal vil vere til stades og selje den siste boka, om nokon er ute etter å få kjøpt og få den signert i same slengen.

 

Powered by Labrador CMS