Frode Fjellheim, Snorre Bjerck og «The 6263 transjoik orchestra» ga publikum ein konsert dei seint vil gløyme

Rikhaldig fredagskveld under Stangvikfestivalen

Fredagskvelden under Stangvikfestivalen blei ein liten maraton av musikalske høgdepunkt. Frode Fjellheim og Snorre Bjerck, «Den ökande familjen» og «Casino Royale» skapte ei rekke av opplevingar publikum seint vil gløyme.

Publisert Sist oppdatert

Årets festivalkomponist Frode Fjellheim, Snorre Bjerck og «the 6263 transjoik orchestra» tok publikum på ei reise inn i den mangfaldige samiske musikken. Frode Fjellheim har saman med blant anna Mari Boine, vore med å utvikla den samiske musikken til det den er idag. Med sin unike variasjon av stemmebruk, harmoniar, melodikk og rytmikk står han i ein særstilling i norsk musikk.

Konserten starta med «Gievre- the return», frå plata «Meavraa- the ancient voice» av Transjoik utgitt i 2000. Stykket er bygd opp rundt den sørsamiske joiken «Åarjelsaemieh», som blant anna å finne i songboka «Sang i Norge». Fjellheim og Bjerck saman med stryk og blås skapte dei eit suggererande lydlandskap publikum vart dradd inn i, og meir skulle det kome.

På det andre nummeret fekk publikum sjølv ta del i musikken, til ein melodi som mest sannsynleg blir nynna på resten av festivalen. Fjellheim avdramatiserte det å joike på ein humoristisk måte

– Det er bare å åpne munnen seier han. I salen kunne ein høyre nynning og forsøk på joiking til ein vakker og gyngande melodi i eit nydeleg arrangement av Frode Fjellheim.

Bilde: Snorre Bjerck ga ein trommesolo som tok pusten frå dei fleste

I 2004 ga Frode Fjellheim ut ei plate der han smelta saman kyrkjemusikk og samisk musikk, «Aeljes Gaaltije- The sacred source». Frå ei roleg sakral opning til den meir rytmiske og energirike «Tjåehkere- The sacred mountain», med improvisasjonar og leikent samspel ga han ei solid avslutning på ei reise inn i Fjellheims og den samiske musikkens verden.

Frode Fjellheim står i ei særstilling i norsk musikkliv, med fleire utgjevingar, spelemannspris og samarbeid med Disney

«Den ökande famijen»

Med ein vakker solnedgang i Stangvik, var det endeleg klart for «Den ökande familjen». utsett med nokre timar grunna vinden. Dette er eit prosjekt av Anders Brännlund og «North cultitude 6263», som i sommar deltek på tre festivalar der ulike kunstnarar gjer dette prosjektet. Fredagens førestilling var altså «one night only».

Trompetist Frode Torjussen, trommeslagar Jo Inge Nes og harpist Sunniva Rødland sine improvisasjonar bygde opp til høgdepunktet med Sigrid Vetleseter Bøes vokal langt over bakkeplan. På lur fekk publikum høyre Kirsten Leidland og Mari Røttereng, som var med å sette sitt preg på førestillinga. I tillegg til dei seks musikarane, gjorde lydmann Jan Erik Myren sitt ypparste slik at han kan reknast som den sjuande musikaren ensemblet.

Ole Tolstad og Anders Brännlund er drivkrafta bak «North cultitude 6263». Dei fortel at dei har haldt på i 10 år med prosjektet og har rundt 500 musikarar og kunstnarar er knytt opp mot organisasjonen. Målet er å samle og forene ulike kunstartar rundt den 62. og 63. breiddegrad til grenseoverskridande prosjekt. Bak dei er ein av dei mange dyktige frivillige under festivalen
Frode Torjussen, Jo Inge Nes og Sunniva Rødland improviserte rundt «Den ökande familjen». Stemningsfullt og til pulsen av bølgeskvulpa i fjæra
Sopran Sigrid Vetleseter Bøe og ensemblet bygde gradvis opp til klimakset under førestillinga medan ho vart heist opp i liften. Duken som gradvis blei bretta ut mens Sigrid steig til værs, kan symbolisere kordan den ukjente familien ikkje lenger er så ukjent

«Casino Royale»

Kapellmeister Trygve Brøske, «Ensemble 6263» under ledelse av dirigent Torodd Wigum med solistar sørga for fredagens siste konsert. Med nøye utvalde klipp frå film og TV sat saman av Erkki Morten Klami, skapte dei om Bondehuset til eit lokale der drøymar kan gå i oppfylling, og bli knust. Frå opera, samtidsmusikk, country og til loddtrekning med Lady Gagas «Pokerface» som bakgunnsmusikk. Med mykje humor og fleire musikalske godbitar på rekke og rad, vart dette ein solid avslutning på ein liten maraton av ei konsertrekke.

Sigrid Vetleseter Bøe i rolle fortvila over manglande flaks i spel
At «Elvis» spelte fagott var det få som viste, her er Odd Lyngstad (som Elvis) saman fiolinist Alex Robson frå Engegårdskvartetten, dirigent Torodd Wigum og bassist Andrias Vilhelm Poulsen i «Dead Elvis» av Michael Daughterty.
Konserten vart avslutta med "The Gambler" til ståande applaus
Ein av dei to primus motorand for Stangvikfestivalen, Jo Inge Nes og Trygve Brøske sørga for loddtrekning eit samfunnshus verdig
Dirigent for «Ensemble 6263» Torodd Wiggum
Powered by Labrador CMS