Tina med familien på Clearwather Beach i Florida

– Eg lèt aldri barna gå åleine

Rindalingen Tina (Tøndel Jonli) Krieger er heime på ferie. Til vanleg bur ho Florida saman med mann og tre barn. Trollheimsporten tok seg ein prat med henne om korleis det er å bu i USA.

Publisert Sist oppdatert

I 2003 besøkte Tina bror sin Rune som gjekk på flyskule i Florida. Besøket vart byrjinga på eit liv i USA for Tina.

– Eg har alltid vore eventyrlysten og nysgjerrig på andre kulturar, seier Tina. Backpacking og reising rundt i verda var det eg likte best.

Etter tre veker i sommarparadiset fann Tina ut at ho treivst så godt i Florida at ho ville flytte dit. Ho hadde jobba fleire år på hotell og restaurantar, så ho søkte seg inn på University of Central Florida for å studere Hospitality Management, og kom inn.

I Florida traff ho mannen sin Michael Krieger, han kom frå Tyskland og var også student i Florida. Saman har dei fått tre barn, Leah Macaila (11), Liam Mathias (9) og Leon Matheo (6). Med unntak av to år i Tyskland, har familien Krieger budd i Winter Garden sidan 2014, ein forstad i byen Orlando i Florida.

– Vi bur like bak Disney's Magic Kingdom, og kan sjå fyrverkeriet frå huset vårt kvar kveld, smiler Tina.

Tina bur rett ved Disney World

Ein vaksen på fire spedbarn

Tina fekk seg jobb i hotell- og restaurantbransjen, men etter at dei fekk barn har ho jobba i barnehage. Skiftarbeidet på hotellet vart for vanskeleg sidan Michael er pilot og berre er heime to dagar i veka.

– Utan familie rundt oss har vi ingen hjelp med barna, så da vart det enklare å jobbe i barnehage, fortel Tina. Eg trivst utruleg godt i jobben. Sjefen min er fantastisk, ho gir oss mykje fridom og respekterer at familielivet kjem først.

– Den største forskjellen med å jobbe i USA samanlikna med Noreg er lønn og ferie. Lønningane i Florida er veldig dårlege samanlikna med resten av USA og i kvart fall med Noreg. Etter å ha jobba eit år for eit firma har du krav på to veker ferie i året, det første året har du ikkje krav på nokon ferie. I ein fulltidsjobb må du jobbe 40 timar i veka, så dagane er lange, fortel Tina.

I fjor jobba Tina som lead teacher, pedagogisk leiar, i treårsgruppa. Da jobba ho frå halv ni om morgonen til klokka seks om ettermiddagen.

– Først leverte eg ungane mine på SFO klokka åtte, så rett på jobb, og så henta eg dei klokka kvart over seks på ettermiddagen, fortel Tina. Vi kom ikkje heim før klokka sju på grunn av rushtrafikken. Vi åt middag, gjorde lekser, dusja og la oss.

– Dette høyrest kanskje litt hektisk ut, men det var faktisk ganske praktisk, seier Tina. Barneskulane har ofte idrettslag, kor, kunsttimar og liknande rett etter skulen. Gutane mine var ferdige med karate og fotballtrening da eg henta dei på ettermiddagen.

Tina saman med ein kollega

Barnehagen Tina jobbar i vart oppkjøpt av ei stor kjede i fjor haust, ein daycare. Dei tek imot barn frå seks veker til og med fem år. Dei har ope elleve timar kvar dag. Mange av barna er der frå dei opnar til dei stenger.

– I spedbarnsgruppa er det ein vaksen på fire barn, seier Tina. Det blir ofte veldig hektisk når du har fire små barn på eit par månader som vil ha mat samtidig, smiler Tina. I to- og treårsgruppa er det ein vaksen på ti barn, og i fire- og femårsgruppa er vi ein vaksen på femten barn.

– Lange dagar og mykje ansvar fører til mykje stress hos dei tilsette. Vi har hatt folk som har slutta midt i eit skift, fortel Tina. Eg tykkjer ikkje arbeidsmoralen er høg i USA . Dette gjeld absolutt ikkje alle, men eg tykkjer den er mykje lågare enn i Noreg.

Småbarnsliv

I Florida er det like vanlig å vera heime med barna medan dei er små som det er å jobbe. Dersom ein har ein jobb der ein får betalt per time, så lønner det seg ikkje å jobbe medan barna er små.

Ein fulltids barnehageplass kostar mellom 10 000-13 000 norske kroner i månaden. Di yngre barnet er, di meir kostar det.

Nabolaget arrangerer "snø"-fest i jula.
Julenisse laga av sand

– I mitt tilfelle lønte det seg å ikkje jobbe medan alle tre var under skulealder, fortel Tina. Eg ville ha betalt meir i barnehagekostnadar enn eg ville ha tent. For å få eit sosialt nettverk, både for meg sjølv og barna, vart eg medlem i MOPS (mothers of preschoolers). Det er ein landsdekkande organisasjon for mødre med barn under skulealder. Dei organiserer små mødregrupper som møtes ein gong i veka, i tillegg har dei «playdates».

– Gruppa var helt fantastisk å ha i småbarnsfasen, eg har framleis mange venner frå gruppa som eg er i kontakt med dagleg, seier Tina.

Pandemi og arbeidsløyse

Da verden vart nedstengd på grunn av koronaviruset var det glovarmt i Florida.

– Temperaturen låg på 35-40 grader i skuggen, og vi hadde ikkje tilgang til basseng, fortel Tina. Eg har eit inntrykk av at reglane var mykje strengare i USA enn i Noreg. USA stengde heilt ned i slutten av mars. Skulane, barnehagane og butikkane var stengde. Kun matvarebutikkar var opne.

– Det ble mykje tid på iPad og fjernsyn for både oss vaksne og barna. Vi gjekk tur eller sykla tidleg om morgonen eller seint på kvelden, da det ikkje var så varmt, fortel Tina. Michael var heldig og vart ikkje permittert, men han hadde ingen flygingar på nesten to månadar.

Tomme butikkhyller under pandemien

Staten sørga for at ingen av flyselskapa gjekk konkurs og pilotane kunne behalde jobbane sin. Vi var veldig nervøse rundt denne tida for luftfarten fekk ein skikkelig nedgang i tida etter 2008 da USA gjekk gjennom ei økonomisk krise.

– Sidan alle skulane stengte, mista eg jobben. Vi fikk etter kvart utbetalt tre eingongssummar på 1000 dollar som ei "lærarstøtte", fortel Tina. På den tida jobba eg for ein preschool som var eigd av ei kyrkje. Kyrkjer betalar ikkje skatt og eg hadde dermed ikkje krav på noko form for arbeidsløysetrygd sjølv om eg betalte skatt.

– I andre jobbar kunne man få ein form for arbeidsløysetrygd for første gang i USA. Mange opplevde å få utbetalt meir i veka enn de tente i jobben sin, det vart etter kvart eit problem, fortel Tina. Kvifor skulle folk gå tilbake til lågt betalte jobbar når dei fekk meir pengar for å vera heime?

Skulane og barnehagane opna opp igjen i september same året. Alle måtte bruke munnbind, små barn også, og dei måtte halde ein meter avstand. Det vart spela film i matpausen på skulen slik at barna ikkje skulle snakke saman og spreie smitte da dei åt.

- I eit heilt år hadde eg ansvaret for ghost buster- maskina. Eg spraya alle klasserom på slutten av kvar dag for å fjerne covidbasseluskar, fortel Tina. Så om det veks ut et tredje øre på meg når eg sit på aldersheimen. så veit du kvifor!

– Vi gjekk med masker ni timar kvar dag, fortel Tina. Dei vaksne klaga meir enn barna. Barn er veldig flinke til å godta situasjonar. Vi bruka ansiktsmasker i nesten to år. Det var ikkje muleg for barna å delta på fritidsaktivitetar. Dette har påverka barna både fysisk og psykisk. Dei er blitt meir inneslutta.

– Eg, og mange med meg, har no fokus på psykisk helse og har nytta oss av samtalar for barna med barnepsykologar. Det er meir førebyggande enn noko anna, seier Tina. På ei anna side føler eg at pandemien sette ting i perspektiv. Vi lærte oss å roe oss ned og nyte stilla og familielivet. Barna vil heller vera heime på helg etter ei lang veke på skulen, enn å ha ei full aktivitetsplan. Det vart meir rom for barn å vera barn!

Tina opplevde også avstanden frå familie og venner på ein helt annan måte under nedstenginga. Før pandemien kunne eg berre sette meg på eit fly heim, no vart eg berre sittande heime. Eg fekk ikkje vera tilstades på bestemor si gravferd eller da far min gifta seg, fotel Tina. Vi såg ikkje familien på tre år. Det var veldig vanskeleg. Minstemann var så liten sist han var i Noreg at han ikkje hugsa å ha sett bestefar eller Mimmi (mormor) på anna enn FaceTime.

– Bassenget vårt kallar vi berre «det store svarte holet», fordi der forsvann alle pengane våre, seier Tina og ler. Dyrt, men verdt det. Under pandemien sat vi innestengde heime i varmen. Vi heldt på å bli galne.

Valfridom og tjukk hud

Til tross for ulikskapen i arbeidslivet, trivst Tina og familien godt i USA.

– Det er større valfridom her, du bestemmer sjølv korleis du skal leve, seier Tina. Eg håpar berre at lønningane kan matche levekostnadene snart, slik at lågtlønna har større valfridom. Klasseskilje er stort i USA.

– Ein annan forskjell mellom USA og Noreg er at du må ha tjukk hud i USA. Amerikanarane er veldig direkte og ikkje så redd for konfrontasjonar som nordmenn er. Har dei eit problem med noko du seier eller gjer, får du høyre det, ler Tina.

Tina er ikkje redd for å konfrontere andre foreldre.

– Eg er nøydd, seier Tina. Før barna får besøke nye venner vil eg møte foreldra og spørje dei om dei har våpen i hus, og om korleis våpna eventuelt er oppbevart, fortel Tina. Det kan vera litt kleint å spørje, men eg tør ikkje anna.

Forslag om å bevæpne lærarar og nye abortlover, vi i Noreg kan bli ganske sjokkert over kva som skjer i USA for tida. Kva tenkjer Tina om dei urolege tidene i USA?

– Det ein ser på fjernsyn kan nok vera litt overdrive, seier Tina. Det verste av det verste blir vist på nyheitene. Ein må hugse at kvar stat er forskjellig. Eg har berre budd i Florida og kan kun uttale meg om korleis vi har det.

Men Tina innrømmer at ho ikkje likar utviklinga. Det er ikkje forbode med abort i Florida, men ho er bekymra og seier at lova fort kan bli endra.

– Det er mykje forskjellig folk som bur i Florida, med mange ulike meiningar. Alt kan skje, seier Tina. Det har vore mykje frustrasjon og skriving i sosiale medium i det siste, fortel ho. Det er mødre som skriv at dei vurderer å hamstre angrepiller til døtrene sine, berre i tilfelle. Framtida er usikker. Eg er glad barna mine har dobbelt statsborgarskap, seier Tina.

Gå åleine på Amfi

Tina er ikkje i tvil om kva ho saknar mest i Noreg, familien og venner.

– Eg saknar familien kvar einaste dag, og skulle gjerne budd vegg i vegg med tantebarna mine, smiler Tina. Eg elskar også å komme heim å ete grovt brød, drikke godt vatn frå springen, og få servert fiskebollar og fiskegrateng.

Barna til Tina og Michael tykkjer det er stor stas å vera på ferie i heimlandet til mor si.

– Dei tykkjer Norge er eit kjempekult land. I Florida kan dei ikkje gå nokon plass utan vaksne, seier Tina. Central Florida er ein av dei verste plassane i USA når det kjem til menneskehandel, så ingen lèt ungane sine gå åleine.

På skulen til barna er alle dører låst og einaste veg inn er gjennom resepsjonen. I byrjinga av kvart skuleår må foreldra som ynskjer å delta på arrangement og aktivitetar gjennom skuleåret gå gjennom ein bakgrunnssjekk. Ein kjem ikkje inn uten avtale.

– Hos familien på Orkanger får barna gå åleine på Amfi, betale sjølv i kassa og oppleve fridommen norske barn har, fortel Tina.

Søskena set stor pris på norsk mat, norske tradisjonar og familie, og snakkar kav trønder.

– Dei seier at om vi ein gong skal flytte til Noreg, så vil dei bu på Storås der onkel Rune bur. Dei kallar det Storås leikeland, seier Tina og ler.

Tenkjer dei nokon gong på å flytte heimatt, spør vi.

- Familien min ville nok helst hatt oss nærmare. Eg tenkjer meir og meir på familien og saknet etter dei di eldre eg blir. Eg har snart budd like lenge i Florida som i Noreg, så begge plassane kjennest som heime. Ingen ting i livet er statisk. Behova forandrar seg. Men no er det best for familien vår å bu i Florida, vi har det veldig bra, smiler Tina.

Powered by Labrador CMS